Arabinose (kjemisk formel C5H10O5) er eit monosakkarid og ein pentose. Det er eit kvitt, krystallinsk stoff med søt smak. Båe dei optisk aktive formene av stoffet finst i naturen. Den høgredreiande L(+)-arabinosen er med i arabinsyre, som vidare er med i gummi arabicum. Dette har gjeve sakkaridet namnet arabinose.

Strukturen til D- og L-arabinose

Venstredreiande arabinose finst i urinen ved visse sjukdomstilstandar.

Kjelder endre

«arabinose» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. desember 2016.

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.