Aragonesisk eit romansk språk som vert talt i Aragón-regionen i det nordlege Spania. Språket er nærskyldt med spansk, og er likestilt med spansk som offisielt språk i regionen sin. Språket har utvikla seg frå mellomalderes navarro-aragonesisk. I dag er det mellom 10 000 og 30 000 menneske snakkar språket i dalføra i Pyreneane i Aragón i Spania, hovudsakleg i comarca (regionane) Somontano dei Barbastro, Jacetania, Alto Gállego, Sobrarbe, og Ribagorza.

Medan det uformelt er det kjent som fabla («tale»), er aragonisk òg vanlegvis referert til ved namna til dei talrike lokale dialektane som har oppstått frå fragmenteringen som språket har gjennomgått i løpet i århundra.

Historie endre

Aragonesisk har opphavet sitt i tidleg mellomalder som eit av dei fleste latinske dialektane som utvikla seg i Pyreneene på toppen av ein sterk baskisk underlag. Det opphavlege kongedømmet Aragón (som utgjorde fylka Aragón, Sobrarbe og Ribagorza) var progressivt utvida frå fjellkjedene i nord og sørover, pressa dei muslimske maurarane sørover i den frigjeringsprosessen som vert kalla for Reconquista og utvida samstundes området for aragonesisk språk.

Den dynastiske samskipnaden av dei katalanske landområda og kongedømmet Aragón, som utgjorde den aragonesiske krone på 1100-talet, førte ikkje til at språkformene i dei to områda blanda seg. Katalansk heldt fram å bli snakka i aust, og navarro-aragonesisk i vest, sjølv om det var uklåre grenseskilje språka i mellom. Den aragonesiske reconquista i sør slutta i kongedømmet Murcia som vart gjeve av Jakob I av Aragonia til kongedømmet Castilla som medgift for ein aragonesisk prinsesse.

Den viktigaste forkjemparen for det aragonesiske språket er utan tvil Johan Ferrandez d'Heredia, grunnleggjar og stormeister av hospitallerordenen av Sankt Johannes av Jerusalem basert på Rhodos. Han skreiv ein omfattande katalog over aragonesiske bøker og fekk dessutan omsett fleire verk frå gresk til aragonesiske, dei første i mellomalderens Europa.

Spreiinga av katalansk, og den katalanske opphavet til Trastámara-dynastiet og ein sterk likskap mellom katalansk og aragonesisk, førte til ytterlegare nedgang. Ein av dei viktige hendingane i historia til språket var då ein konge av katalansk opphav vart utpeikt på 1400-talet: Ferdinand I av Aragonia.

Den tosidige unionen av kronene Aragón og Castilla og innskrenkinga av sjølvstyre frå 1500-talet og framover tydde at aragonesiske, sjølv om det enno vart snakka, var avgrensa til landbruksområde og til kverdagslivet.

I løpet av styret til Francisco Franco på 1900-talet og spreiinga av obligatorisk barneskule, vart aragonesiske oppfatta som berre ein dialekt av spansk, og vart difor sett ned på og skuleelevar vart straffa for å snakka det. Med innføringa av lovmessig demokrati i 1978 kom det òg litterære tekster på aragonesisk og det vart drive studium på og om språket.

Kjelder endre