Kongedømet Castilla

Castilla er eit tidlegare kongedøme i Spania som no ligg midt i landet. Det slo seg gradvis saman med andre kongedøme til dagens spanske stat.

Reino de Castilla
Kongedømet Castilla

1035–1230  

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Castilla
Plasseringa til Castilla
Kongedømet Castilla før annekteringa av Kongedømet Toledo på 1000-talet.
Hovudstad Burgos og Toledo
Språk Kastiljansk og galicisk.
Religion Kristendom, islam og jødedom.
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Rodrigo vart den første greven av Castilla 1035
 - Grevskapet Castilla vart samla av grev Fernán González 931
 - Castilla vert eit kongedøme 1035
 - Union med León 1230

Området omfattar dei to gamle regionane Castilla la Vieja (Gamle Castilla) og Castilla la Nueva (Nye Castilla), men er i dag delt i dei sjølvstyrande regionane Castilla og León, Castilla-La Mancha og Madrid.

Namnet Castilla kjem frå dei mange slotta, castillos, som ligg i området. Det kastiljanske språket er blitt til det me vanlegvis kallar spansk.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.