Arbeidsdeling er spesialisering av arbeid i særskilde avgrensa oppgåver og roller, for å auke arbeidsproduktiviteten.

Historisk er framveksten av ei meir og meir kompleks arbeidsdeling nært knytt til framveksten av kapitalismen og kompleksiteten i industrialiseringsprosessane.

Seinare nådde arbeidsdelinga eit nivå assosiert med taylorisme, ein viss type vitskapleg arbeidsleiingspraksis.

Men den grunnleggjande tydinga av termen arbeidsdeling er rett og slett eit arbeidande fellesskap eller eit samfunn der dei ulike menneska gjer ulike jobbar, til dømes der nokre driv med jordbruk, andre med handverk, somme er smedar, osv.

Kor langt arbeidsdelinga kan og bør gå, og kven som bør styre og leie arbeidsdelinga og sjølve arbeidet, er eit politisk spørsmål.

Kjelder endre