Ei arbeidskyrkje er eit nyare kyrkjebygg som er bygt for å romme meir enn sjølve kyrkjerommet. Ei arbeidskyrkje inneheld typisk forsamlingsrom for kyrkjelyden, kjøkken og kyrkjelydskontor, og dessutan ofte rom for barnehage, ungdomsklubbar eller liknande.

Kjøpsvik kyrkje er eit døme på ei arbeidskyrkje.
Foto: kirkenorge.no

Arbeidskyrkjene er ikkje først og fremst konstruerte for å ha eit sakralt preg, men med vekt på kva som er praktisk og funksjonelt.