Arbeidssong er ein type song som er knytt til ein særskild arbeidstype og blir sungen medan ein utfører visse oppgåver. Dei kan tena til å gjera kroppsarbeid lettare og meir presist ved å markera arbeidsrytmen og hjelpa eit arbeidslag til å gjera kraftanspenningar samtidig.[1]

Innan folkloristikk dreg ein eit klart skilje mellom arbeidssongar og arbeidarsongar. I arbeidssong er tempo og rytme det viktigaste, medan arbeidarsongane har hovudvekt på tekst og innhald.[2]

Arbeidssongen kan vera knytt til arbeidet på fleire måtar. Svært ofte er han knytt til arbeidet gjennom rytmen. Songen kan regulera arbeidsrytmen (dette kallar ein taktsong eller arbeidstaktsong), eller han kan gje signal til arbeidstaket (dette kallar ein ropsong).

Det finst mellom anna døme på arbeidssongar frå seglskutetida og hjå rallarane. På seglskutene song ein sjantiar til arbeidet. Pumpesjantiar, varpesjantiar og gangspelsjantiar er taktsongar, medan rykkesjanti og halesjanti er ropsjantiar som gjev signal til at alle skal ta i. Rallarvisene blei brukt til å regulera rytme ved mineboring. Dette er taktsongar, medan songane som blei brukt ved baksing og påling var ropsongar.

Publiserte arbeidssongar kan vera lange, meiningsfulle tekstar. I sjantibøker finn ein til dømes ofte lange tekstar, og rallarvisene blei ofte gjevne ut som skillingstrykk. Det er likevel ikkje sikkert at nøyaktig desse songane har vore brukt som arbeidssongar. Sjantisamlaren Diderik Brochmann fortel til dømes at sjantimannen ofte berre song noko ubegripeleg eller repeterte same strofe så lenge arbeidet varte.[3]

Heilt opp til 1970-talet hadde Oslo Lysverker tilsett ein oppsongar, Svend Helstrup, som song ein ropsong når ein skulle strekka kabel. Kabelen blei langa fram av eit stort arbeidslag som hadde plassert seg nede i grøfta der kabelen skulle ligga. For å få kabelen fram, måtte alle ta «samse tak», og det var desse rykketaka songen gav signal til.

Forsking og innsamling endre

Utgangspunktet for forskinga på arbeidssongar var Karl Bücher si avhandling Arbeit und Rhytmus frå 1899. Han viste at song har vore brukt til rytmisk arbeid så langt tilbake som det fantest historiske kjelder. Nyare forsking har bekrefta dette.[4]

Innspelingar av arbeidssongar og arbeidarsongar har nær gått føre seg sidan ein byrja spela inn folkemusikk, men mange av innsamlarane har vore meir interesserte i arbeidarsongen enn i den meir primitive arbeidssongen. Amerikanske forskarar har ofte vore meir interesserte i dei musikalske sidene ved songen, og inkluderer både songar sungne under arbeidet og songar om arbeidet i avhandlingane sine.[5]

Den amerikanske forskaren Norm Cohen delte innsamla arbeidssongar i huslege, jordbruks- eller pastorale, sjømannssjantiar, afroamerikanske arbeidssongar, songar og messingar for dyrking og gjetarsongar, og «gateskrik» (engelsk «street cries», utrop og songar på marknader).[6] Ted Gioia har i ytterlegare grad skilt jordbrukssongar og pastorale songar inn i jakt, dyrking og gjetarsongar, og framheva industrielle eller førindustrielle songar til vevarar, fabrikkarbeidarar, sjømenn, tømmerhoggarar, cowboyar og gruvearbeidarar. Han la også til fengselssongar og moderne arbeidssongar.[7]

Kjelder endre

  1. Knudsen, Jan Sverre (15. oktober 2019). «arbeidssanger». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Laurits Bødker,International Dictionary of Regional European Rthnology and Folklore, Vol. II Folk Litterature, s. 327 Worksong
    • Otto Holzapfel, Lexikon folkloristischer Begriffe und Theorien (Volksliedforschung), Bern 1996 s. 47 Arbeitslied
  3. Diderik Brochmann, Shantier eller Sjø-folke-melodier, Kristiania 1908
  4. Gioia, E.: Work Songs, Duke University Press, 2006.
  5. Gioia, E.: Work Songs, Duke University Press, 2006., s. xi.
  6. Cohen, Norm: «Worksongs: a demonstration of examples», i Green, A.: Songs about Work: Essays in Occupational Culture for Richard A. Reuss, Indiana University Press, 1993, ss. 334-5.
  7. Gioia, E.: Work Songs, Duke University Press, 2006.