Folkloristikk

studiet av ikkje-materiell folkekultur

Folkloristikk er studiet av ikkje-materiell folkekultur, som regel i eit historisk perspektiv, slik som forteljingar, skikkar og trusførestellingar. Den folkloristiske forskinga har i hovudsak vore fokusert på eldre folkeeventyr, myter, segner og balladar, men i den seinare tida har faget utvikla seg til å handle om notidig kultur i større grad, til dømes vitsar, gåter, UFO-historier, massemedia, kulturmangfald og andre folkelege kulturuttrykk og tradisjonar.

I norsk samanheng har faget òg konsentrert seg om studiet av nasjonsbygginga og konstruksjonen av det såkalla «nasjonale». Omgrepet «folkekultur» er i seg sjølv eigna til drøfting, sidan det ikkje finst nokon klår definisjon på omgrepet «folk».

Etter kvalitetsreforma vart faget slått saman med faget etnologi til det nye studiet kulturhistorie (Universitetet i Oslo) og kulturvitskap (Universitetet i Bergen).

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.