Ardabil (persisk اردبیل -دارالارشاد; òg kjend som Ardebil; eldgammalt namn Artavil) er ein historisk by i det nordvestlige Iran. Namnet Ardabil kjem frå det zarathustriske Artavil, som tyder ‘heilag stad’. Ardabil er hovudby for Ardabil-provinsen. Han har kring 340 000 innbyggjarar, og fleirtalet er etniske aserbajdsjanarar.

Ardabil
by
Land  Iran
Areal 18,01 km²
Folketal 529 374 (2016)[1][2]
Kart
Ardabil
38°15′N 48°18′E / 38.25°N 48.3°E / 38.25; 48.3
Wikimedia Commons: Ardabil
Mausoleet til Safi al-Din i Ardabil.

Byen er kjend for silke- og teppetradisjonen sin. Eldgamle Ardabil-teppe blir rekna som nokre av dei beste klassiske persiske teppa. Ardabil er òg kjend for å vera sete for det heilage gravmælet over sjeik Safi al-Din, grunnleggjaren av Safavide-dynastiet.

Kjelder endre