Argostóli
Lokalt namn: Αργοστόλι
Utsyn mot Argostóli og Argostólibukta
Utsyn mot Argostóli og Argostólibukta
Geografi
2019 New Municipality Argostoli.svg
Stad Dei joniske øyane
Koordinatar 38°11′N 20°29′EKoordinatar: 38°11′N 20°29′E
Areal 372,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Kefaloniá
Hovudsete Argostóli (9 748 innb.)
Demografi
Folketal 23 499 (2011[1])
Folketettleik 63,1 /km²

Argostóli (gresk Αργοστόλι) er ein by og ein kommune på øya Kefaloniá i periferieininga Kefaloniá i periferien Dei joniske øyane i Hellas. Byen Argostóli er hovudstaden i periferieininga. Han ligg på austsida av Argostólibukta, som skjer inn frå sør i den vestlege delen av øya.

Administrativ inndelingEndra

 
Den tidlegare kommunen Argostóli, no kommunaleininga Argostóli

Argostóli hadde vore eigen kommune fram til 2011, men vart då ei kommunaleining i kommunen Kefaloniá.[2] Frå 2019 vart storkommunen delt opp att, og dei opphavlege kommunane Argostóli, Eliós-Prónni, Livathós og Omalá vart kommunaleiningar i den nye kommunen Argostóli.[3]

Ved folketeljinga i 2011 var det 23 499 innbyggjarar i det som no er kommunen Argostóli. Kommunaleininga med same namn hadde 13 237 innbyggjarar, medan tettstaden Argostóli hadde 9 748 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstaderEndra

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Argostóli Argostóli 9 748
Póros Eliós-Prónni 930
Valsamáta Omalá 763
Skála Eliós-Prónni 760
Peratáta Livathós 751
Svoronáta Livathós 710
Vlakháta Livathós 699
Lakíthra Livathós 613
Razáta Argostóli 507
Metaxáta Livathós 504

ReferansarEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.