Argostólibukta (gresk Κόλπος Αργοστολίου, Kólpos Argostolíou) er ei bukt på øya Kefaloniá i Det joniske havet i Hellas som strekkjer seg frå nær Makrý Jalós og Kapp Ájos Jeórjos i sør og opp til den nordlege delen. Bukta er om lag 10 til 12 km lang og 2 til nesten 4 km brei. Den austlege delen av bukta i aust er ein liten lagune der det går ein smal veg i overgangen mellom bukta og lagunen.

Det er få elvar som renn ut i bukta. Lássihalvøya ligg i søraust. Nord på halvøya ligg dammen og campingstaden Katavóthres. Av strender ved bukta har ein mellom anna Lássi og Argostóli i aust og Lépeda i vest. Eit fyr står på Lássihalvøya. Fjella dekkjer områda i nord og i aust og Palikíhalvøya i vest. Nesten heile bukta er omringa av vegar.

Stader endre

Av landsbyar og byar langs vestsida av bukta finn ein frå sør til nord: Lépada, Lixoúri, Ájos Dimitrios og Livádi. Av busetnadar på austsida finn ein frå nord til sør Kondogouráta, Fársa, Drápano og Argostóli.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre