Ariadnes Colles (latin for Ariadneåsane) er eit kaosterreng i dei sørlege høglanda på Mars. Blokkene i kaosterrenget når ei høgd på opp til 300 meter.

Nordvestre Ariadnes Colles fotografert av Mars Express
Datagenerert perspektivsyn på Ariadnes Colles

Til skilnad frå andre kaosterreng, slike som Iani Chaos, er ikkje området ei vasskjelde. Det vert difor drøft om opphavet til Ariadnes Colles ligg i vass- eller vinderosjon.

Aradiadnes Colles ligg på Terra Cimmeria, eit stykke sør for Ma'adim Vallis.[1][2]

Kjelder endre

  1. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-29 Eridania»)
  2. Kart hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature (kartbladet «MC-23 Aeolis»)