Mars Express er ein europeisk romsonde som går i bane rundt planeten Mars. Han er den første Mars-sonden til Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Han blei skoten opp 2. juni 2003, og har krinsa i bane rundt Mars sidan 25. desember 2003. Romsonden hadde med seg ein liten landingssonde, kalla Beagle 2, som skulle lande på Mars den 26. desember 2003 for å leite etter liv. Sonden gav aldri lyd frå seg og blei meld tapt den 6. februar 2004 av ESA.

Mars Express
Perspektivbilete av Charitum Montes basert på bilete frå HRSC-kameratet til Mars Express

Føremålet med Mars Express var å undersøke overflata og atmosfæren på Mars. Frå Mars-banen skulle Mars Express romsonden:

  • leite etter teikn på vatn, ned til nokre kilometer under overflata
  • kartlegge overflata på Mars meir nøyaktig enn tidlegare
  • slå fast samansetnaden til overflata
  • slå fast tettleiken og samansetnaden til atmosfæren
  • studere kva påverknad solvinden har på planeten.

Bakgrunnsstoff endre