Arieș (ungarsk Aranyos) er ei elv i Transilvania i Romania som renn gjennom fylka Alba og Cluj.

Arieș
elv
Arieș i Turda
Land  Romania
Renn gjennom Turda
Lengd 164 km
Kjelde Bihorfjella der elvane Arieșul Mare og Arieșul Mic renn saman.
 •  høgd 1 500 moh.
Munning Mureș
 •  høgd 260 moh.
Kart
Arieș
46°22′20″N 23°01′01″E / 46.372222222222°N 23.016944444444°E / 46.372222222222; 23.016944444444
Kart over Arieș
Kart over Arieș
Kart over Arieș
Wikimedia Commons: Arieș

Ho har kjelda si i Bihorfjella, ein del av Apusenifjella. Arieș oppstår nær landsbyen Mihoiești der dei to elvane Arieșul Mare og Arieșul Mic renn saman. Elva har ei lengd på om lag 164 km. Ho renn ut i Mureș nær landsbyen Gura Arieșului (Székelykocsárd på ungarsk), nær landsbyen Luduș (Marosludas på ungarsk).

Byane Câmpeni (Topánfalva på ungarsk), Baia de Arieș (Aranyosbánya på ungarsk), Turda (Torda på ungarsk) og Câmpia Turzii (Aranyosgyéres på ungarsk) ligg ved elva. Den øvre dalen, Țara Moților, er eit vakkert område og eit viktig gruveområde (Roșia Montană) med gull, sølv og uran.

Elva vart først nemnd i 1075 som Aranas.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Arieș River (Mureș)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Administraţția Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
      • Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București, 1972
      • Trasee turistice - Județul Alba [1]
      • Trasee turistice - județul Cluj [2]
      • Kniezsa István- Erdély földrajzi nevei [3]