Mureș

elv i Romania og Ungarn

Mureș (på rumensk) eller Maros (på ungarsk) er ei 725 km lang elv i Aust-Europa. Ho har utspring i Giergeukjeda aust i Karpatane i Romania og munnar ut i Tisza ved Szeged søraust i Ungarn.

Mureș
elv
Mureş i Arad i Romania
Land  Romania,  Ungarn
Nedslagsfelt 27 049 km²
Lengd 761 km
Middelvassføring 155 /s
Kjelde Harghita i Romania
 •  høgd 850 moh.
Munning Tisza
Kart
Mureș
46°37′17″N 25°42′57″E / 46.6213°N 25.7159°E / 46.6213; 25.7159
Wikimedia Commons: Mureș River

Mureș renn gjennom dei rumenske fylkea Harghita, Mureș, Alba, Hunedoara og Arad, og det ungarske fylket Csongrád. Byane Toplița, Reghin, Târgu Mureș, Iernut, Luduş, Ocna Mureș, Aiud, Teiuș, Alba Iulia, Deva og Arad i Romania og Makó og Szeged i Ungarn ligg alle langs elva.

Mureș vart kalla Marisus i antikken. På tysk vart ho òg kalla Mieresch og Marosch av dei transylvanske Siebenbürgen-sakserane og det ein gong austerrikske Habsburg-styret. Salt vart frakta på elva i mellomalderen på store flåtar.

Den ungarske delen av Maros er 50 km lang (21 km av ho dannar landegrensa mellom dei to landa). Om lag 2 850 mål på nordsida av elva er ein del av Körös-Maros nasjonalpark.

Kjelder

endre