Arieș
Arieș (ungarsk Aranyos) er ei elv i Transilvania i Romania som renn gjennom fylka Alba og Cluj.
Arieș | |||
elv | |||
Arieș i Turda
| |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Turda | ||
Lengd | 164 km | ||
Kjelde | Bihorfjella der elvane Arieșul Mare og Arieșul Mic renn saman. | ||
• høgd | 1 500 moh. | ||
Munning | Mureș | ||
• høgd | 260 moh. | ||
Arieș 46°22′20″N 23°01′01″E / 46.372222222222°N 23.016944444444°E | |||
Kart over Arieș
| |||
Wikimedia Commons: Arieș |
Ho har kjelda si i Bihorfjella, ein del av Apusenifjella. Arieș oppstår nær landsbyen Mihoiești der dei to elvane Arieșul Mare og Arieșul Mic renn saman. Elva har ei lengd på om lag 164 km. Ho renn ut i Mureș nær landsbyen Gura Arieșului (Székelykocsárd på ungarsk), nær landsbyen Luduș (Marosludas på ungarsk).
Byane Câmpeni (Topánfalva på ungarsk), Baia de Arieș (Aranyosbánya på ungarsk), Turda (Torda på ungarsk) og Câmpia Turzii (Aranyosgyéres på ungarsk) ligg ved elva. Den øvre dalen, Țara Moților, er eit vakkert område og eit viktig gruveområde (Roșia Montană) med gull, sølv og uran.
Elva vart først nemnd i 1075 som Aranas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arieș River (Mureș)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: