Arild Undheim (fødd 4. mars 1969) er ein norsk volleyballspelar, volleyballtrenar og lærar. På bana spelar Undheim senter, og han har sidan 2006 vore trenar for Førde Volleyballklubb sitt seniorlag. Ifylgje Førde VBK sine eigne vevsider har Undheim kjælenamnet «Arildinho». Undheim arbeider til dagleg som lærar ved Førde ungdomsskule.

Arild Undheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1969 (55 år)
Idrett volleyball