Aristide Guarneri

italiensk fotballspelar

Aristide Guarneri (fødd 7. mars 1938) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Cremona i Italia, som var med på Inter sitt lag som vann Europacupen både i 1964 og 1965, La Grande Inter. I 1966 var han med i Italias tropp til VM i fotball. To år seinare spela han for Italia då landslaget vann sin hittil einaste EM-tittel. Han spela 21 landskampar. Vanlegvis spela han i forsvaret.

Aristide Guarneri


Statsborgarskap Italia
Fødd 7. mars 1938 (86 år)
Cremona
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966, EM i fotball 1968

Klubbspel endre

Guarneri debuterte i 1957 for Serie B-klubben Como. I 1958 vart han overført til Inter og spela dei neste ni sesongane 330 seriekampar for klubben og skåra fire mål. Med Inter oppnådde han stor suksess, vart seriemeister tre gongar 1963-66 og både i 1964 og 1965 gjekk klubben til topps i Europacupen. Frå 1967 til -69, gjorde han teneste i ein sesong kvar i klubbane høvesvis Bologna og SSC Napoli. I 1969 vende han tilbake til Inter, men klarte ikkje spele seg til plass i fyrsteellevaren. Han la opp i 1973, etter tre sesongar i Cremonese.

Landslagsspel endre

Guarneri fekk sin landslagsdebut 12. mai 1963, i ein vennskapskamp mot Brasil som enda med 3-0-siger. Hausten 1966 vart han matchvinnar då han skåra sitt einaste landslagsmål og Italia slo Sovjetunionen 1-0. 10. juni 1968 spela han sin 21. og siste landskamp, andre finalekampen under EM i fotball 1968. Kampen enda med 2-0 til Italia over Jugoslavia og EM-gull til Gaurneri og dei andre italianarane på laget.

Merittar endre

  • EM-gull 1968 for Italia
  • Vinnar av Europacupen 1964 og 1965 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1963, 1965 og 1966 med Inter

Kjelder endre