Republica Federativa do Brasil

(norsk: Brasil, brasiliansk)

Det brasilianske flagget Det brasilianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hino Nacional Brasileiro»
Motto Ordem e Progresso ('Orden og framgang')
Geografisk plassering av Brasil
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Brasília
Styresett
Forbundsrepublikk
Jair Bolsonaro
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
8 514 877 km² (5.)
0,65 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
207 353 391 (5.)
24,4 /km² (153.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Portugal
7. september 1822
29. august 1825
Nasjonaldag 7. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3,166,000 mill. USD (7.)
16,700 USD (78.)
Valuta Real
Tidssone UTC -2 til -5
Telefonkode +55
Toppnivådomene BRL


Brasil er ein republikk og den største staten i Sør-Amerika både i flatevidd, folketal og bruttonasjonalprodukt. Det er det einaste amerikanske landet der portugisisk er offisielt språk, og det største lusofone landet i verda. Brasil er kjend for å ha store areal regnskog, og har fått namn etter brasiltreet, som voks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.

Brasil si kystlinje mot Atlanterhavet strekkjer seg over 7 491 km, og landet deler grenser med andre land over ei strekning på 16 885 km. I nord grensar det mot Guyana, Venezuela, Surinam og Fransk Guyana, i nordvest mot Colombia, i vest mot Bolivia og Peru, i sørvest mot Argentina og Paraguay og i sør mot Uruguay. Dei einaste søramerikanske landa som ikkje grensar mot Brasil er Chile og Ecuador. Hovudstaden i landet er Brasília. Andre større byar er São Paulo, Rio de Janeiro, Fortaleza, Salvador og Belo Horizonte. I flatevidd er landet nesten på storleik med USA.

Brasil var ein portugisisk koloni frå Pedro Álvares Cabral kom til staden i 1500 fram til 1815, då landet fekk status som kongedøme og Det sameinte kongeriket Portugal, Brasil og Algarve blei danna. Den koloniale bandet blei i røynda brote i 1808, då hovudstaden i det portugisiske koloniriket blei overført frå Lisboa til Rio de Janeiro etter Napoleon sin invasjon av Portugal. Sjølvstendet fann stad i 1822 ved danninga av keisardømet Brasil, ein einingsstat styrt som eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk system. Landet blei republikk i 1889 då eit militært statskupp proklamerte republikken, sjølv om tokammersystemet, som i dag heiter Kongressen, går attende til ratifiseringa av den første grunnlova i 1824. Den noverande grunnlova, utforma i 1988, definerer Brasil som ein forbundsrepublikk. Forbundet er danna av eit føderalt distrikt og 26 delstatar

Økonomien til Brasil er den sjette største i verda etter nominell BNP og den sjuande største etter kjøpekraft (per 2011).[1] Brasil er ein av dei raskast veksande store økonomiane i verda, og økonomiske reformer har gjeve landa fornya internasjonalt omdøme. Brasil er ein av grunnleggjarane av SN, G20, CPLP, Den latinske unionen, Organisasjonen av ibero-amerikanske statar, Organisasjonen av amerikanske statar, Mercosul og Den søramerikanske unionen, og er òg eit av BRIC-landa.

NamnEndra

 
Illustrasjon av Terra Brasilis frå Atlas Miller, eit portugisisk atlas frå rundt 1519

Landet har namn etter brasiltre, eit treslag som blei mykje verdsett av dei portugisiske kolonistane. På portugisisk kallar ein brasiltre pau-brasil, og ordet brasil blir vanlegvis sagt å tyda «raudt som ei glo», danna frå det latinske brasa ('glo') og suffikset -il (frå -iculum eller-ilium).[2][3][4] Brasiltre produserer eit djupt raudt fargestoff, og det var dette som var så høgt verdsett av klesindustrien i Europa og var det tidlegaste kommersielt utnytta produktet frå Brasil. Gjennom 1500-talet blei det hausta i enorme mengder av urfolk (for det meste tupiar) langs kysten av Brasil, som selde tømmeret til europeiske handelsmenn (for det meste portugisarar, men òg franskmenn) i byte mot diverse europeiske forbruksvarer.[5]

Det offisielle namnet på landet i tidlege portugisiske dokument var «Landet til den heilage krossen» (Terra da Santa Cruz), men europeiske sjømenn og handelsmenn kalla det ofte rett og slett «Brasillandet» (Terra do Brasil) på grunn av handelen med brasiltre. Den populære nemninga overskugga og fortrengde etterkvart det offisielle namnet. Tidlege sjøfararar kalla tidvis òg området for «Papegøyelandet» (Terra di Papaga).

guaraní, eit offisielt språk i Paraguay, blir Brasil kalla «Pindorama». Dette var namnet urfolk i Brasil gav til regionen, og tyder «landet med palmar».[treng kjelde]

GeografiEndra

 
Kart over Brasil

Brasil dekker eit stort område langs den austlege kysten av Sør-Amerika og omfattar mykje av det indre av kontinentet. Den 16 885 km lange landegrensa vert delt mellom ti land, og den lengste delen er den nesten 3000 km lange grensa mot Peru i vest. Landet deler grense med alle land i Sør-Amerika bortsett frå Ecuador og Chile. Langs den 7 491 km lange kystlinja ligg òg ei rekkje øygrupper, som Fernando de Noronha, Rocasatollen, St. Peter og St. Paul-øyane og Trindade og Martim Vaz.

Brasil er det femte største landet i verda, etter Russland, Canada, Kina og USA, og det tredje største i Amerika, med eit totalt areal på 8 514 876 km² inkludert 55 455 km² vatn.[6] Landet spennar over tre tidssoner, frå UTC-4 i dei vestlege statane, til UTC-3 i dei austlege statane (dette er den offisielle tida i Brasil) og UTC-2 på atlanterhavsøyane. Brasil er det einaste landet i verda som ligg på ekvator og samstundes har samanhengande område utanfor tropane.

Brasiliansk topografi er òg variert og inkluderer åsar, fjell, sletter, høgland og krattskog. Mykje av terrenget ligg mellom 200 og 800 meters høgd. Det viktigaste høgareliggjande området opptek mesteparten av den sørlege halvdelen av landet. Dei nordvestlege delane av platået består av breitt, bølgjande terreng brote av låge, avrunda åsar.

Den søraustlege delen av landet er meir robust, med ein kompleks masse av ryggar og fjellkjeder som kan nå høgder på opptil 1 200 m. Desse områda inkluderer Mantiqueirafjella og Espinhaçofjella, og dessutan Serra do Mar. I nord dannar Guayanaskjoldet eit viktig vasskilje mellom elver som renn sørover inn i Amazonas frå elver som renn ut i Orinocosystemet i Venezuela mot nord. Det høgaste punktet i Brasil er Pico da Neblina på 2994 m, og det lågaste er kysten mot Atlanterhavet. Vest i landet ligg store og relativt flate område og våtmarksområdet Pantanal.

Brasil har eit tett og kompleks system av elver, eit av dei mest omfattande i verda, med åtte store nedslagsfelt som alle renn ut i Atlanterhavet. Dei største elvene er Amazonas, Paraná med dei imponerande Iguazúfalla, og dessutan Negro, São Francisco, Xingu, Madeira og Tapajós.

KlimaEndra

For meir om dette emnet, sjå Klima i Brasil.


Klimaet i Brasil omfattar eit breitt spekter av vêrforhold over eit stort område med ein variert topografi, men mesteparten av landet er tropisk. Etter Köppen si klimaklassifisering dekker Brasil fem store klimatiske subtypar: tropisk regnskogklima, tropisk, halvtørt klima, høgland tropisk, temperert klima og subtropisk klima. Dei ulike klimatiske tilhøva gjev miljø som spenner frå ekvatoriale regnskogar i nord og halvtørre ørkenar i nordaust, til temperert barskog i sør og tropiske savannar i sentrale Brasil. Mange regionar har tydeleg ulike mikroklima.

Sjølv om det meste av Brasil ligg i tropane, bur meir enn 60 prosent av folkesetnaden i område som er kjøligare, anten på grunn av høgd, vind frå havet eller polare frontar. Medan dei kystnære byane Rio de Janeiro, Recife og Salvador kan bli ekstremt varme, kan byar på platået, som São Paulo, Brasília og Belo Horizonte ha mildare klima, og dei ​​sørlege byane Porto Alegre og Curitiba har milde vintrar.

Til trass for det populære biletet av Amazonas som ein region med sterk varme er temperaturar på meir enn 32 °C faktisk sjeldne. Den årlege middeltemperaturen i regionen er 22-26 °C, med lite variasjon mellom dei varmaste og kaldaste månadene. Den varmaste delen av Brasil er i nordaust, der temperaturar på meir enn 38 °C er hyppig registrert i den tørre årstida mellom mai og november. Langs atlanterhavskysten frå Recife til Rio de Janeiro varierer gjennomsnittleg temperatur frå 23-27 °C. I innlandet på større høgder er temperaturane lågare, 18-21 °C. Sør for Rio er årstidene meir definerte og omfanget av temperatursvingningene betydeleg breiare, med eit årsgjennomsnitt på mellom 17 og 19 °C.

Det mest intense regnet i Brasil fell rundt munningen av Amazonas nær byen Belém, og også i dei øvre delane av Amazonas, der det fell meir enn 2 000 millimeter regn kvar år. Mesteparten av Brasil har moderate nedbørsmengder på mellom 1 000 og 1 500 millimeter i året, det meste av dette kjem mellom desember og april. Den tørraste delen av landet er i nordaust, der nedbøren er uberekneleg og fordampingshastigheiten særs høg, noko som gjer det vanskeleg å dyrka avlingar.

Flora og faunaEndra

 
Regnskogen i Amazonas, den største tropiske skogen i verda.

Det utstrekte landet består av fleire ulike økosystem, til dømes Amazonasregnskogen, som er kjend for å ha det største biologiske mangfaldet i verda, der skogbeltet Mata atlântica og savannen Cerrado særleg stikk seg ut. I sør veks skogar av Araucaria-tre i tempererte tilhøve. Det rike dyrelivet i Brasil speglar mangfaldet av naturlege habitat. Forskarar går ut frå at den totale mengda plante- og dyrearter i Brasil kan vera nærare fire millionar.

Større pattedyr er mellom anna puma, jaguar, ozelot, sjeldne bushhundar og revar; navlesvin, tapirar, maurslukarar, dovendyr, pungrotter og beltedyr finst i store mengder. Det er rikelig med hjortedyr i sør, og mange artar av vestapar held til i nord. Bekymring for miljøet har vakse i takt med den globale interessa for miljøspørsmål.

MiljøEndra

Naturarven i Brasil er sterkt truga av kvegdrift og jordbruk, hogst, gruvedrift, olje- og gassutvinning, overfiske, handel med dyr, demningar og infrastruktur, vassforureining, klimaendringar og brannar. I mange område av landet er naturmiljøet truga av utbygging. Bygging av motorvegar har opna opp tidlegare avsidesliggande område for landbruk og busetjing, dammar har oversumt dalar og dyrehabitater, og gruvedrift har forureina landskapet både visuelt og kjemisk. Minst 70 dammar er sagt å planleggjast for Amazonas-regionen, inkludert den kontroversielle Belo Monte-dammen.[7] Over 80 % av elektrisiteten blir produsert av vasskraft.

HistorieEndra

Brasil hadde vore folkesett av urfolksgrupper i minst 25 000 år då landet blei oppdaga for europearane av den portugisiske oppdagelsesreisende Pedro Álvares Cabral i år 1500. I dei følgjande tre hundreåra busette portugisarane seg i landet og administrerte det som ein kommersiell koloni, som i stor grad var basert på slaveri. På 1600-talet kjempa dei mot Dei sameinte Nederlanda og Frankrike om kontrollen over kolonien. I 1808 drog kong João VI av Portugal, som var på flukt frå Napoleon, til Brasil saman med kongefamilien og regjeringa. Sjølv om dei vende attende til Portugal i 1821, medførte opphaldet deira eit stigande ønske blant brasilianarane om å få sjølvstyre. I 1822 oppretta den dåverande prinsregenten Dom Pedro I eit uavhengig Brasil, den uavhengige staten fekk namnet Keisardømet Brasil. Riket bestod fram til den neste keisaren, Dom Pedro II, blei avsett i 1889 og det blei oppretta ein republikanskbasert føderasjon.

På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet kom det meir enn fem millionar europeiske og asiatiske innvandrarar til Brasil. I dette tidsrommet blei Brasil òg industrialisert og byrja å utnytta større delar av landområda sine. Det brasilianske demokratiet har vore erstatta av diktatur tre gonger; 1930–1934 og 1937–1945 under Getulio Vargas, og dessutan 1964–1985 under ei rekkje generalar utnemnt av militæret. Den noverande grunnlova stammar frå 1988.

I presidentvalet i 2002 sigra Luiz Inácio Lula da Silva etter at han hadde stilt til val fire gonger tidlegare. Han blei gjenvald i 2006 med 60,8 prosent av stemmane.I 2011 blei han etterfølgd av Dilma Rousseff, den første kvinnelege presidenten i landet. I 2019 blei Jair Bolsonaro, som hadde militær bakgrunn, ny president.

SamfunnEndra

InnbyggjararEndra

Dei fleste brasilianarane bur i kystnære område. Innover i landet er folkesetnaden meir sparsam. Folkesamansetjinga er særs heterogen og det finst mange ulike kulturar i landet. I sør er folkesetnaden dominert av folk med europeisk avstamming. Dette inkluderer folk frå blant anna Portugal, Polen, Ukraina, Tyskland og Italia. Andre immigrantgrupper er folk frå Japan og Sør-Korea. I nord og nordaust er folkesetnaden samansett av urfolk og folk med afrikansk eller europeisk avstamming.

Om lag 26 % av folkesetnaden er i alderen 0–14 år. 68 % er i alderen 15–64 år og 6 % er 65 år eller eldre. Medianalderen er 28 år. Årleg finst det om lag 17 fødslar og 6 dødsfall per 1 000 innbyggjarar, noko som gjev ein befolkningsvekst på 1,06 %. Forventa levealder er på 72 år.

Brasilianarane dannar den største portugisisktalande nasjonen i verda.

Folket i Brasil er prega av tre store folkegrupper; brasilianske urfolk, innvandra europearar og importerte afrikanarar. Det har vore vanleg for desse gruppene å gifta seg med kvarandre, slik at innbyggjarane er blitt blanda til «brasilianarar». Samfunnet er likevel prega av skjult rasisme, der dei som har lysare hudfarge som regel òg høyrer til ein betre sosial klasse, og unngår å blanda seg med mørkhuda. Som ein hovudregel bur folk av mest europeisk avstamming sør i landet og folk av blanda nedætting i nord og nordaust.

HovudgrupperEndra

Brasil ber preg av å ha vore ein portugisisk koloni frå om lag 1500 til 1822. Eit fleirtal av folket nedstammar frå portugisarar, portugisisk er òg det viktigaste språket i landet, og kulturen har mange portugisiske trekk. Ei anna viktig europeisk innvandrargruppe er tyskarar som hovudsakleg busette seg i Blumenau sør i landet.

Afrikanske slavar som kom til landet mellom 1500- og 1800-talet har skapt ei stor gruppe farga. Dei stammar mellom anna frå joruba-, ewe- og bantufolk.

Brasilianske urfolk har i stor grad blitt absorberte av innvandrarane, men det finst spreidde stammar som framleis held på dei førkolumbiske identitetane sine. Desse utgjer om lag 1 % av innbyggjarane i Brasil. Dei viktigaste større urfolkgruppene er tupiar og guaraniar.

Nyare innvandringEndra

Innvandring frå Europa til Brasil auka på 1870-talet, særleg med innflyttarar frå Italia. Etterkomarane deira utgjer no 15 % av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga italienarar utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå Spania, medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som Polen, Russland, Ukraina og Austerrike. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane.

Tidleg på 1900-talet tok òg japanarar til å flytta til landet. Dei er den største asiatiske minoriteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan.

Store grupper frå Midtausten, som Libanon og Syria, har òg kome til landet.

ReligionEndra

Trusretningar i Brasil (2010).[8]██ Katolisisme (64,6%)██ Protestantisme (22,2%)██ Ingen religion (8%)██ Spiritisme (2%)██ Andre (3,2%)

Brasilianarar har historisk vore katolske. Ved folketeljinga i 2010 tilhøyrde 64,6 % av folkesetnaden Den katolske kyrkja. Ulike protestantiske kyrkjesamfunn har vore i sterk vekst og i 2010 sokna 22,2 % av folkesetnaden til slike. I 2010 tilhøyrde 13,3 % pinsekyrkjer, der Assembléia de Deus var den største med 12,3 millionar medlemmar (6,5 % av folkesetnaden). 2 % oppgav i 2010 å vera spiritistar, medan 8 % av folkesetnaden rapporterte at dei ikkje tilhøyrde nokon religion.[8]

Andre religionar i landet er blant anna dei afrikanskinspirerte candomblé og umbanda. Folkesetnaden med japansk bakgrunn vedkjenner seg ofte til shintoismen.

Politikk og administrasjonEndra

 
Nasjonalforsamlinga i Brasil.

Den noverande grunnlova stammar frå 1988 og gjev omfattande fullmakter til dei føderale styresmaktene. Landet har direkteval på president og visepresident, som blir valde på same stemmesetel og som sit i fire år. Presidenten har omfattande makt, og er både statssjef og regjeringssjef. Det er òg han som peikar ut regjeringa.

Parlamentet (Congresso Nacional) består av to kammer. Senatet, Senado Federal, har 81 sete med tre medlemmar frå kvar av dei 27 delstatane. Senatorane blir valde med fleirtalsval for ein periode på åtte år. Ein byter ut ⅓ av senatorane etter fire år og dei attverande ⅔ etter nye fire år. Det andre kammeret heiter Câmara dos Deputados og har 513 sete. I dette kammeret er det proporsjonal representasjon, og medlemmane sit i fire år.

Administrativ inndelingEndra

Brasil er delt inn i 27 føderale einingar der 26 er delstatar (estados, singular: estado) og det siste er eit føderalt distrikt (Distrito Federal), som omfattar hovudstaden. Kvar delstat er vidare delt inn i municípios (kommunar).

Acre, Alagoas, Amapá, Amazonas, Bahia, Ceará, Distrito Federal, Espírito Santo, Goiás, Maranhão, Mato Grosso, Mato Grosso do Sul, Minas Gerais, Pará, Paraíbad, Paraná, Pernambuco, Piauí, Rio de Janeiro, Rio Grande do Norte, Rio Grande do Sul, Rondônia, Roraima, Santa Catarina, São Paulo, Sergipe, Tocantins

Instituto Brasileiro dei Geografia e Estatistica har gruppert delstatane inn i 5 store regionar: Nord, Nordaust, Sentralt-Vest, Søraust og Sør.

NæringslivEndra

Brasil er velutvikla innan jordbruk, gruvedrift og produksjons- og servicenæringar. Landet er rikt på naturressursar og har god tilgang på arbeidskraft, noko som gjer det til det økonomisk leiande landet i Sør-Amerika. På slutten av 1990-talet førte den finansielle krisa i Asia til at også økonomien i Brasil fekk ein nedgang. I 1998 fekk landet økonomisk hjelp frå Det internasjonale pengefondet og i 1999 vedtok sentralbanken i Brasil at valutaen i landet, real, ikkje lenger skulle ha ein fast valutakurs mot amerikansk dollar. Samstundes blei det gjennomført ei devaluering. Desse tiltaka førte til ein svak vekst i økonomien på byrjinga av 2000-talet, men for å styrkja økonomien ytterlegare sette president «Lula» da Silva i verk fleire reformer. Brasil er eit BRIC-land.

Om lag 20 % av husstandane i Brasil lever under fattigdomsgrensa, og det er store skilnader i inntekter. Brasil er medlem av det søramerikanske frihandelssamarbeidet Mercosul.

LandbrukEndra

Landbruk i Brasil og nærskylde sektorar som skogbruk, treforedling og fiskeri utgjorde 5,1 % av BNP i 2007.

Industri i BrasilEndra

Industri i Brasil — frå bil, stål og petrokjemisk industri til PC, fly og varige gode — utgjorde 30,8 % av BNP. Industrien er vesentleg høgteknologisk og ligg i storbyar som São Paulo, Rio de Janeiro, Campinas, Porto Alegre og Belo Horizonte.

Energi i BrasilEndra

 
Itaipu, det største vasskraftverket i verda etter energiproduksjon og nest største etter installert kapasitet.

Brasil er blant dei ti største energikonsumentane i verda med høg del av fornybar energi, særleg vasskraft og etanol. Brasil produserer 2,4 millionar fat råolje per dag.

KulturEndra

Karnevalet og dessutan musikk- og dansestilar som blant anna samba, bossa nova og forró er nokre av dei beste kjende delane av brasiliansk kulturliv i omverda. Innan sport har landet sikra seg fem verdsmeisterskapstitlar i fotball. Kampsporten capoeira stammar òg frå Brasil. Innan litteratur er kanskje Paulo Coelho den best kjende representanten, medan Oscar Niemeyer er ein internasjonalt kjend arkitekt.

Galleri av byarEndra

KjelderEndra

  1. World Development Indicators database (PDF-fil), World Bank, 7. oktober 2009.
  2. CNRTL – Centre National de Ressources Textuelles et Lexicales (fransk)
  3. Michaelis – Moderno Dicionário da Língua Portuguesa (portugisisk)
  4. iDicionário Aulete Arkivert 29. februar 2012 på Wayback Machine. (portugisisk)
  5. Eduardo Bueno, Brasil: uma História (São Paulo: Ática, 2003; ISBN 85-08-08213-4), p.36. (portugisisk)
  6. Offisielt areal (på portugisisk) IBGE: Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística. Besøkt 1. august 2010.
  7. Brazil grants environmental licence for Belo Monte dam. BBC News. 2. februar 2010.
  8. 8,0 8,1 Tabela 1.4.1 - População residente, por situação do domicílio e sexo, segundo os grupos de religião - Brasil - 2010, Censo demográfico. 2010. características gerais da população, religião e pessoas com deficiência, IBGE, 2010, s. 143–144.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Brasil
Litteratur