Aristokrati

(Omdirigert frå Aristokrat)

Aristokrati er det same som adel. I store delar av europeisk soge var adelen den herskande samfunnsklassen, og monarkane kom alltid frå denne klassen. Samtidig var det ofte ein maktkamp mellom monarken og andre delar av aristokratiet.

Aristokratiet var oftast knytt til godseigedom, og det stod særleg sterkt under føydalismen. Dei øvre laga av den kristne geistlegheita var òg i røynda ein del av aristokratiet.

Den sentrale idéen for aristokratiet var at dei var fødde betre enn andre, og derfor hadde krav på sær-rettar (privilegium).

Den franske revolusjonen frå 1789 og andre revolusjonar som bana veg for demokratiet var i stor grad retta mot aristokratiet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.