Folkestyre

styreform
(Omdirigert frå Demokrati)
For skodespelet, sjå democracy.

Folkestyre eller demokrati (frå gresk δημοκρατία, demokratia) er eit styresett der størstedelen av innbyggjarane i eit samfunn kan røysta over korleis samfunnet skal styrast. I moderne folkestyre har alle statsborgarar over ein viss alder røysterett, men somme tider med visse unntak, som fengsla eller umyndiggjorte menneske. Vidare held ein val med jamne mellomrom, anten over saker som skal avgjerast, eller over kven som skal representera folket og ta avgjerder for det. Maktfordelingsprinsippet er grunnleggjande for moderne folkestyre. Det same er ytringsfridom, særleg frie medium.

Demokratisk tilstand i verda.

Omgrepet demokrati kjem frå Politikken av Aristoteles, og tydde hjå han det styresettet der mange eller eit fleirtal styrer utan omsyn til alle sitt beste, altså pøbelvelde eller fleirtalsdiktatur. Fleirtalsstyre som tek omsyn til alle, eit styresett som kjem nærare det som vanlegvis blir omtala som folkestyre, kalla Aristoteles for politi.

Grenser for folkestyret endre

Eit heilt folk kan ikkje styra samtidig, det er ikkje gitt at alle folk høyrer til folket i politisk forstand, kva som skal styrast er ikkje gitt i utgangspunktet, og det ligg heller ikkje noko eksplisitt om rettar i omgrepet. Difor er omgrepet ikkje så eintydig som ein ofte kan få inntrykk av.

Det ligg i omgrepet folkestyre at folkefleirtalet skal bestemme. Kva som er fleirtal og mindretal blir avgjort i val, som skal vera frie og rettferdige. Vala skal haldast med jamne mellomrom, slik at mindretal av i dag skal kunna bli fleirtal i morgon.

Men det er ikkje heile folket som har røysterett. Dei som er under 18 år gamle eller ikkje er norske statsborgarar, har ikkje stemmerett ved stortingsvala i Noreg. Før i tida var det berre rike og jordeigande menn som hadde stemmerett i Noreg - eit lite mindretal av folket.

Men sjølv med allmenn stemmerett for vaksne statsborgarar, er det ikkje nødvendigvis eit fleirtal som bestemmer. Dersom valdeltakinga er låg, kan det vera eit lite mindretal som framstår som fleirtal. Attom valde amerikanske presidentar i nyare tid står om lag ein firedel av den vaksne befolkninga.

Fordeling av makt endre

 
Debattar mellom dei som vil representera folket blir brukt for å klargjera synspunkta deira.

Den mest vanlege forma for folkestyre er det systemet ein kallar representativt folkestyre. Her skal valde representantar for folkeviljen styra på vegner av folket. Men kor representative representantane er, kan variera. I røynda har ressursar mykje å seia for kven som blir valde. Det kan vera økonomiske ressursar, og det kan vera mediemakt.

I dei fleste landa som kallar seg folkestyrte, er det vidare slik at store delar av økonomien ikkje er underlagde folkevald styring, folkestyret sluttar så å seia ved fabrikkporten eller ved bankdøra. Svært mykje makt blir utøvd og svært store ressursar blir disponerte av nokre få leiarar i store internasjonale konsern. Om slik kapitalisme kan sameinast med innhaldet i omgrepet folkestyre, kan diskuterast.[treng kjelde]

Tilhøvet mellom folkestyre og rettar er ikkje eintydig. Folkestyre er fleirtalsstyre, men fleirtalet kan ikkje gjera kva dei vil. Mindretal og individ må ha visse grunnleggjande rettar, visse menneskerettar. Samtidig er det slik at di fleire juridiske rettar individ og grupper har i eit system, di meir blir det som kan gjerast av dei folkevalde avgrensa. Såleis blir makta til det folkefleirtalet som valde desse også avgrensa. I prinsippet kan eit system fullt ut basert på rettar, klara seg utan val og folkevalde, det greier seg med ein ærleg administrasjon og eit godt utbygd rettsvesen.

Eit folkestyre i seg sjølv har ikkje nokon garanti mot diktatur. I dag er det mange diskusjonar om korleis folkestyret kan styrkast: om korleis folkevalde organ skal styrkja innsynet sitt og kontrollera ar verksemder gjer det dei skal, og om korleis innverknaden frå vanlege menneskjer skal bli betre i kvardagen.

Det er allmenn semje om at eit velfungerande folkestyre krev ei folkestyrt offentlegheit som både informerer samfunnsmedlemmene og gir dei høve til fritt ordskifte på grunnlag av ein viss kunnskap om samfunnet.[treng kjelde]

Kjelder endre