Opna hovudmenyen

Arkadij Aleksandrovitsj Plastov (31. januar 189312. mai 1972) var ein sovjet-russisk sosialist-realistisk kunstmålar og bokillustratør.

Arkadij Plastov
PLASTOV.jpg
Fødenamn Аркадий Александрович Пластов
Fødd 19. januar 1893 (juliansk)
Simbirskij ujezd
Død

12. mai 1972
Karsunskij rajon

Yrke kunstmålar

Liv og gjerningEndra

Plastov vart fødd i landsbyen Prislonikha i det dåverande guvernementet Simbirsk i Det russiske keisarriket. Faren var ikonmålar. Plastov studerte frå 1914 ved bilethoggar-avdelinga på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. I 1917, året for den russiske revolusjonen, reiste han heim til fødestaden. Der var han oppteken med å måle bilete som viser naturen på staden.

 
Kollektivgardfeiring, 1937.
 
Traktorkøyraren sitt måltid, 1951. På frimerke frå 1973

Plastov vart kjend for allmenta i 1935 då han viste fram sjangermåleri som var fullt i samsvar med tidas strikse politisk-kunstnariske doktrine. Denne opna einast for verk som fylgde den sosialrealistiske stilen, og det i alle typar kunst. Plastov heroiserer livet i Sovjetunionen, og yter sitt i oppbyggjinga av det sosialistiske samfunnet. Verka er prega av hans kjennskap til landsbylivet i Sovjetunionen og hans kjærleik til fedrelandet. Dei er kjenneteikna av livfulle, kraftige avbildingar, samt framifrå handverk. Som ei fylgje av dei hendingane som forandra livet til folk i Sovjetunionen, viste Plastov i sine måleri korleis landsbylivet hadde vorte endra av kollektiviseringa. Til modellar som hovudpersonar i sine arbeid valde Plastov personar på heimstaden.

Etter utbrotet av 2. verdskrigen kom nye motiv inn i Plastovs kunst. Desse viser lidingane til folket under krigen. Fleire verk syner kvinner, gamle menneske og born i arbeid på engene på kolkhoza, eller dei kollektive landbrukssamskipnadane. Etter verdskrigen heldt Plastov seg til motiv som viste landsbylivet.

Måleriet Vår frå 1954 er karakteristisk for Plastov sine verk. Det viser ei ung, naken kvinne som kler av ei jente ved ei hytte, truleg ei banja (tilsvarande den finske saunaen). Det snøar, og i bakgrunnen ser ein snødekte beitemarker. Vår vert rekna som eit vendepunkt i sovjetisk kunsthistorie. For fyrste gong sidan innleiinga av sosialrealismen vart eit verk utstilt som viste kvardagslivet, og det heilt fritt for politisk innhald. Biletet var korkje politisk aktuelt eller idealiserande, slik det til dømes var i Plastovs tidlegare verk, dei som glorifiserte kollektiviseringa. Den kunstnariske endringa, berre eit år etter at Stalin døydde, gjenspeglar den politiske oppmjukinga i Sovjetunionen under Nikita Khrusjtsjov.

Plastov døydde i fødebyen Prislonikha.

Prisar og utmerkingarEndra

I løpet av karrieren blei Plastov tildelt Leninordenen to gonger. Han vann Stalinprisen i 1946 og Leninprisen i 1966. Etter at han døydde, i 1972, blei han nominert til Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken sin statspris.

KjelderEndra