Badstove

(Omdirigert frå Sauna)

Badstove eller badstue er eit sterkt oppvarma hus eller rom ein kan bruka til å ta sveittebad. Det kan vera eit eige hus, eller eit rom i eit hus, gjerne knytt til bad eller symjeanlegg.

Interiør i ei badstove

Det internasjonale ordet sauna kjem frå finsk, og den finske forma for badstove er òg den mest kjende, men mange kulturar har variantar som er tett på den finske. Desse er mellom anna den nordamerikanske sweat lodge, tyrkisk hamam, termane til romarane, mayaindianarane sin temescal og russisk banja.

Badstova inneheld ein elektrisk eller vedfyrt omn med steinar. Vanlegvis er det trebriskar til å sitja eller ligga på. Trebriskane er ofte laga av svartor. Anna utstyr er vassbøtte, ause, termometer og fuktmålar. I ei finsk badstove er det òg bjørkeris med lauvet på.

Bruken av badstuova byrjar med å varma opp omnen til temperaturen blir passe høg. Innimellom tar ein litt vatn på steinane slik at lufta blir fylt av damp. Dette overfører varmen frå steinane til alle overflater i rommet. I badstova sveittar ein godt før badstoebadet blir avslutta med «kald avriving» med bad i kaldt vatn eller snø som stoppar sveittinga. Utebadstover blir ofte bygde nær vatn.

Bruk av badstove blir sagt å ha helsemessige fordelar, sjølv om dei som har hjartesjukdommar og nokre andre plager blir anbefalte å visa varsemd.[1][2]

Før i tida pleidde finnane å bruka badstova til ei rekkje høve. Heimefødslar føregjekk gjerne i badstua, der dei nyfødde òg fekk sin første vask. Badstover har alltid blitt brukt til både sosialt samkvem og til eige bruk. Blant mange finnar blir sauna sett på nødvendig. Finland har over 5 millionar innbyggarar og det finst over 3 millionar badstover, som tilsvarar éi per hushald.[3]

Badstovetradisjonar endre

Etter finsk tradisjon pleier ein å varma opp badstova før ein går inn, slik at ein skal bli sveitt på ein roleg og behageleg måte. Deretter kastar ein vatn på omnen for å auka fukta og ein pleier gjerne å daska seg lett med ein såkalla vihta eller vasta, som er ei bunke bjørkekvister sett saman til slikt bruk. Ved bruk av ein slik vihta, får ein eit masserande og reinsande resultat.

Badstove i Nord-Europa endre

Badstovebad var utbreidde i store delar av Nord-Europa i mellomalderen, også i Norden. Sidan badetøy var ukjent, og begge kjønn hadde same badedag, var dette noko som var mislikt av presteskapet. Bruken gjekk etter kvart i gløymeboka i mellomalderen bortsett frå i Finland som har ein ubroten tradisjon.

Badstova er likevel ein kjend bygning i norsk byggeskikk i heile landet.[4] Men badstova blei ikkje brukt til bading, ho blei brukt til tørking av korn, malt og kjøtt. Badstova var eit hus for bruk av open eld, og låg derfor gjerne for seg sjølv i utkanten av tunet; dette på grunn av brannfaren. Nokre stader blei badstua erstatta av reine tørkehus, kalla tørkestove, medan på delar av Austlandet der ein hadde meir korn å tørka brukte ein større bygningar kalla (kjoner).

Badstove og røykbadstove endre

Omgrepet «røykbadstove» er introdusert som ei presisering av ei tradisjonell vedfyrt badstue i motsetnad til ei moderne badstove – som blir varma opp med vedfyrt eller elektrisk badstoveomn. Før elektriske omnar blei introduserte på 1900-talet var det sjølvsagt at ein badstue var fyrt med ved.

Det finst òg såkalla infraraud badstove eller IR-sauna, der varmen blir strålt mot badaren utan at lufta blir oppvarma.

Farar endre

Badstovebruk er ikkje heilt ufarleg, og kan føra til utmatting, hypertermi, heiteslag og i verste fall vera dødeleg på grunn av varmen.[5] Dersom ein er lenge inni badstova kan kroppen òg mista mange elektrolyttar, på same måten som etter hard trening. Risikoen for dehydrering kan reduserast ved å drikka elektrolytthaldig drikke medan ein er i badstova.

Å vera i badstove med store alkoholmengder i blodet kan ha alvorlege konsekvensar for helsa.[6][7] I dei fleste badstoverelaterte dødsfalla i Finland hadde personane ein underliggande sjukdom, og dei fleste var i tillegg rusa.[8]

Dersom ein fyrer opp inni badstova kan det òg vera fare for kolosforgifting.

Det er viktig å ha ein rømmingsveg slik at ein kan koma seg ut frå ei badstove. Det har vore dødsfall fordi folk ikkje har klart å koma seg ut frå ei badstove.[9]

Helseeffektar endre

Negative helseeffektar knytte til mykje bruk av badstove er større risiko for plutseleg hjartestans.[10] Badstove kan vera farleg dersom ein har ustabil hjartekrampe (angina pectoris), alvorleg aortastenose (den vanlegaste typen hjarteklaffsjukdom) eller nyleg har hatt hjarteinfarkt.[11][12][13] Barn og eldre med hjartesjukdommar eller epilepsi, og dessutan personar som bruker alkohol eller kokain, er spesielt utsette.[14] Badstove kan påverka danninga av sædceller (spermatogenesen), og har vore assosiert med tap av fertilitet hjå menn i opptil to månader.[15]

Positive helseeffektar assosiert med badstove er færre markørar for betennelse i blodet, redusert risiko for høgt blodtrykk, mindre risiko for lungebetennelse, og mellombels lindring av forkjølingssymptom.[16][17][18][19] Badstove har òg vore assosiert med mindre risiko for demens og alzheimer.[20]

Det har vore rapportert at dei positive helseeffektane frå badstove (særleg relatert til blodkar) kan vera ikkje-kausale, altså at dei som tar badstove òg har ein tendens til å delta i andre aktivitetar som er helsebringende.[21][22]

Badstove kan drepa lus dersom temperaturen overstig 60 ℃, men då må egga til lusa klekkast først.[23]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. University of Wisconsin School of Medicine and Public Health: Sauna-Induced Sweating Offers Many Health Benefits (publisert 3. januar 2011) Besøkt 25. mai 2014
  2. forskning.no: Hvor skummel er saunaen? (publisert 16. desember 2003) Arkivert 25. mai 2014 på Wayback Machine. Besøkt 25. mai 2014
  3. http://www.stat.fi/tup/suoluk/suoluk_asuminen_en.html
  4. Norske mylnor og kvernar, fyrste bandet, andre bolken, Statens Kornforretning, Oslo, 1933, s 20-22.
  5. Her blir VM i sauna til et drama på liv og død (sterke bilder) - VGTV
  6. «The sauna use» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2009. Henta 24. oktober 2020. 
  7. «The sauna and alcohol». Ann. Clin. Res. 20 (4): 287–91. 1988. PMID 3218903. 
  8. "Suomessa kuolee saunaan kymmeniä vuodessa", Iltalehti, 17 June 2012
  9. På ett år døde to menn i badstuen til Thea (52)
  10. Laukkanen, T; Khan, H; Zaccardi, F; Laukkanen, JA (April 2015). «Association between sauna bathing and fatal cardiovascular and all-cause mortality events.». JAMA Internal Medicine 175 (4): 542–8. PMID 25705824. doi:10.1001/jamainternmed.2014.8187. 
  11. Nagiev IuK (2003). «Duration-outcome relations in nonpharmacological treatment of chronic cardiac failure developed after acute myocardial infarction». Voprosy Kurortologii, Fizioterapii, I Lechebnoĭ Fizicheskoĭ Kultury (på russisk) (3): 12–8. PMID 12852008. 
  12. «Dangers of the Infrared Sauna». The Infrared Sauna Effect. Henta 10. mai 2018. 
  13. L Hannuksela, Minna; Ellahham, Samer (1. mars 2001). «Benefits and risks of sauna bathing». The American Journal of Medicine 110 (2): 118–126. PMID 11165553. doi:10.1016/S0002-9343(00)00671-9. 
  14. Press E (August 1991). «The health hazards of saunas and spas and how to minimize them». Am J Public Health 81 (8): 1034–7. PMC 1405706. PMID 1853995. doi:10.2105/AJPH.81.8.1034. 
  15. Garolla, A; Torino, M; Sartini, B; Cosci, I; Patassini, C; Carraro, U; Foresta, C (2013). «Seminal and molecular evidence that sauna exposure affects human spermatogenesis». Human Reproduction 28 (4): 877–85. PMID 23411620. doi:10.1093/humrep/det020. 
  16. Laukkanen, JA; Laukkanen, T (mars 2018). «Sauna bathing and systemic inflammation.». European Journal of Epidemiology 33 (3): 351–353. PMID 29209938. doi:10.1007/s10654-017-0335-y. 
  17. Zaccardi, F; Laukkanen, T; Willeit, P; Kunutsor, SK; Kauhanen, J; Laukkanen, JA (1. november 2017). «Sauna Bathing and Incident Hypertension: A Prospective Cohort Study.». American Journal of Hypertension 30 (11): 1120–1125. PMID 28633297. doi:10.1093/ajh/hpx102. 
  18. Kunutsor, SK; Laukkanen, T; Laukkanen, JA (November 2017). «Frequent sauna bathing may reduce the risk of pneumonia in middle-aged Caucasian men: The KIHD prospective cohort study.» (PDF). Respiratory Medicine 132: 161–163. PMID 29229091. doi:10.1016/j.rmed.2017.10.018. 
  19. Ernst E (1990). «[Hardening against the common cold – is it possible?]». Fortschr. Med. (på tysk) 108 (31): 586–8. PMID 2258128. 
  20. Laukkanen, T; Kunutsor, S; Kauhanen, J; Laukkanen, JA (1. mars 2017). «Sauna bathing is inversely associated with dementia and Alzheimer's disease in middle-aged Finnish men.». Age and Ageing 46 (2): 245–249. PMID 27932366. doi:10.1093/ageing/afw212. 
  21. Kivimäki, M; Virtanen, M; Ferrie, JE (oktober 2015). «The Link Between Sauna Bathing and Mortality May Be Noncausal.». JAMA Internal Medicine 175 (10): 1718. PMID 26436738. doi:10.1001/jamainternmed.2015.3426. 
  22. Laukkanen, T; Khan, H; Zaccardi, F (oktober 2015). «The Link Between Sauna Bathing and Mortality May Be Noncausal-Reply.». JAMA Internal Medicine 175 (10): 1719–20. PMID 26436740. doi:10.1001/jamainternmed.2015.3432. 
  23. Badstua tar knekken på lus