Arkeologisk museum i Stavanger

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger (AmS), som tidlegare var ein frittståande institusjon med namnet Arkeologisk museum i Stavanger, vart frå 1. januar 2009 ei avdeling under Universitetet i Stavanger. Museet ligg i Peder Klows gate 30 på Våland i Stavanger.

Arkeologisk museum i Stavanger.
Foto: Jarle Vines

Museet tek for seg førhistorisk tid i Rogaland frå dei eldste tidene og fram til og med den fyrste bolken av historisk tid, mellomalderen, i form av større museumssamlingar av gjenstandar og ved å stå for arkeologiske utgravingar, forsking og publisering. Museet hyser over 12000 arkeologiske funn frå Rogaland. Den faste utstillinga gjev ein introduksjon til Rogalands forhistorie ved å presentere tematisk utvalde oldsaker og andre funn, og opplysningar kan òg hentast i eit ope arkiv med informasjonen ordna etter funnstad.

Eit rekonstruert gardshus frå jarnalderen på Ullandhaug i Stavanger høyrer inn under museet. Rekonstruksjonen er basert på arkeologiske granskingar på staden.