Rogaland fylke
Rogaland er eit fylke i Noreg. Det grensar i nord til Vestland og i aust til Vestfold og Telemark og Agder. I vest har fylket kystline mot Nordsjøen.
Rogaland fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Stavanger | ||
Areal | 9 376 km² | ||
- land | 8 605 km² | ||
- vatn | 771 km² | ||
Folketal | 482 645 (1. januar 2021) | ||
Folketettleik | 56 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Lone M. Solheim | ||
Fylkesordførar | Marianne Chesak (Ap) | ||
Fylkesnummer | 11 | ||
![]() Rogaland fylke | |||
Wikimedia Commons: Rogaland | |||
Nettstad: www.rogfk.no | |||
Fylket svarar til det tidlegare Stavanger amt og har sitt nåverande namn frå 1919. Namnet stammar frå folkegruppa rygene, der fyrste ledd er genitiv av det norrøne ordet rygir. Landskapet i fylket femner det meste av norsk natur og Rogaland vert med dette ofte kalla eit Noreg i miniatyr. Her kan ein nemne høgfjell med snø og is som aldri smeltar, mektig fjordlandskap, frodig jordbruksland og berr kyst. Største by og administrerande senter i fylket er Stavanger.
Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Trætteberg og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 11. januar 1974. Motivet er ein utskrådd kross med spiss fot, og er forma etter minnesteinen over Erling Skjalgsson som vart reist år 1029. Fylkesblomsteren til Rogaland er klokkelyng, fylkesfuglen er vipa og fylkessteinen er anortositt.
AdministrasjonEndra
Stavanger er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Av statsadministrasjon har ein Oljedirektoratet i Stavanger. Rogaland har 26 kommunar. Det svarar til Stavanger bispedømme, femner åtte prosti med 44 prestegjeld og 88 sokn. Fylket er delt i to politidistrikt, sju tingrettsdistrikt og 24 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.
KommunarEndra
Nr. | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd (km²) | Målform[1] | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|
1101 | Eigersund | Egersund | 14 787 | 432 | bokmål | Dalane |
1103 | Stavanger | Stavanger | 144 147 | 71 | nøytral | Jæren |
1106 | Haugesund | Haugesund | 37 323 | 73 | bokmål | Haugalandet |
1108 | Sandnes | Sandnes | 80 450 | 304 | nøytral | Jæren |
1111 | Sokndal | Hauge | 3 257 | 295 | Dalane | |
1112 | Lund | Moi | 3 174 | 409 | ||
1114 | Bjerkreim | Vikeså | 2 791 | 651 | nynorsk | |
1119 | Hå | Varhaug | 19 120 | 258 | nøytral | Jæren |
1120 | Klepp | Kleppe | 19 848 | 114 | nynorsk | |
1121 | Time | Bryne | 19 106 | 183 | ||
1122 | Gjesdal | Ålgård | 12 064 | 618 | nøytral | |
1124 | Sola | Sola | 27 457 | 69 | ||
1127 | Randaberg | Randaberg | 11 315 | 25 | ||
1130 | Strand | Jørpeland | 13 070 | 218 | Ryfylke | |
1133 | Hjelmeland | Hjelmelandsvågen | 2 580 | 1 090 | nynorsk | |
1134 | Suldal | Sand | 3 809 | 1 736 | ||
1135 | Sauda | Sauda | 4 561 | 546 | ||
1144 | Kvitsøy | Ydstebøhavn | 507 | 6 | nøytral | |
1145 | Bokn | Føresvik | 859 | 47 | nynorsk | Haugalandet |
1146 | Tysvær | Aksdal | 11 178 | 425 | ||
1149 | Karmøy | Kopervik | 42 345 | 230 | nøytral | |
1151 | Utsira | Utsira | 192 | 6 | ||
1160 | Vindafjord | Ølensjøen | 8 705 | 620 | nynorsk | |
11 | Rogaland | Stavanger | 482 645 | 9 376 | nøytral | Rogaland |
KlimaEndra
Fylket ligg i den sørlege utkanten av eit klimabelte med sterkt maritimt, «vestorientert» preg og der høge fjell, djupe fjordar og dalar skaper store kontrastar. Innan Rogaland skjer det ein gradvis overgang til dei meir einsarta tilhøva som pregar dei «sørorienterte» Agder-fylka. Kyststraumen frå Skagerrak er ein vesentleg klimafaktor.
Om vinteren bles det oftast frå søraust, og om sommaren frå nordvest. Sommarvinden har ofte ein market dagleg variasjon på grunn av solgangsbrisen, noko som fører til at vindstyrken ofte kjem opp i liten kuling eller meir. Årsmiddelet av kuling ved kysten er kring 20 %, medan liten storm eller meir skjer ca. 1 % av tida.
Februar er som regel den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på kring 1 °C ved kysten, og frå –5 til –8 °C i indre strøk og i fjellet. Dei lågaste temperaturane som er målte er frå desember til februar og er frå -15 til –20 °C og ned til ca. –25 °C i indre strøk. Den varmaste tida er juli eller august med ein middeltemperatur på 14–15 °C. Dei høgaste temperaturane er målte i juni-august og er 27–33 °C.
Nedbørsfordelinga er forholdsvis einsarta og både ved kysten og i fjellet er årssummane 1000–1200 mm, i enkelte maksimalområde 30–60 km frå kysten går dei opp i kring 2500 mm. Lågare fjell, mindre vinternedbør og høgare sommartemperatur enn i Hordaland og Sogn og Fjordane gjer at det ikkje er større isbrear i fylket.
Det er langt meir tåke i Rogaland enn på resten av Vestlandet, noko som delvis skuldast vårtåke over den kalde kyststraumen og at området er meir utsett mot fuktige luftstraumar frå sør. Ved kysten er det tåke 2-3 % av året, med opp mot 4-8 % i april.
KjelderEndra
- fylke «Rogaland» i Store norske leksikon, snl.no.
- Rogaland – Rogaland fylkeskommune
- «Rogaland – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
ReferansarEndra
- ↑ «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 23. desember 2020.