Arkimedes-aksiomet
(Omdirigert frå Arkhimedes' aksiom)
Arkimedes-aksiomet er eit aksiom eller grunnsetning som seier at når ein tar ein viss storleik (tal, lengd, volum) så kan denne, sjølv om han er særs liten, gjennom å mangedoblast gjerast større enn kva for ein som helst annan storleik av same slag. Dette aksiomet er viktig i forskjellige matematiske teoriar. Arkimedes innførte det i samband med ekshausjonsmetoden hans for å finne volum og areal.
Kjelder
endre- «Arkhimedes' aksiom». Store norske leksikon. 30. oktober 2011.