Armføtingar

Armføtingar
PZSL1852PlateMollusca14.png
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Overrekkje: Spiralia
Rekkje: Armføtingar Brachiopoda
Duméril, 1806

Armføtingar eller lampeskjel (Brachiopoda, etter gresk brachium - «arm» og poda - «føter») er ei gruppe virvellause dyr som lever i kalkskjel. Gruppa er ikkje i nær slekt med muslingar, men høyrer derimot til lophophoratane saman med mosdyr og hesteskomakk. Dei representerer ei særs gamal rekkje med dyr; dei eldste fossila er frå 600 millionar år gamle bergartar.

Armføtingane var langt vanlegare før i tida. Her ein fossil frå ordovicium.

Armføtingane er i dag ei relativt lita og artsfattig gruppe, med om lag 335 beskrivne artar kjend frå alle hav. Dei var langt meir hyppige før i tida, med eit høgdepunkt for 300 millionar år sidan: Totalt er rundt 30 000 artar kjend frå fossilrekkja.[1]

Ved norskekysten er det funne ni artar nolevande armføtingar.

KjelderEndra

  1. Moen & Svensen: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna s. 389
  • Brusca & Brusca: «Lophophorates» i Invertebrates, Sinauer Associates 2002
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: «Armføttinger» i Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom Forlag 2003
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.