Ordovicium
488.3–443.7 millionar år sidan
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden ca. 13.5 vol %[1]
(68 % av dagens nivå)
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden ca. 4200 ppm[2]
(15 gonger førindustrielt nivå)
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden ca. 16 °C [3]
(2 °C over dagens nivå)
Viktigaste hendingar i
ordovicium
sjå • diskuter • endre
-490 —
-485 —
-480 —
-475 —
-470 —
-465 —
-460 —
-455 —
-450 —
-445 —
Viktigaste hendingar i ordovicium.
Til venstre: Aldrar godkjende av ICS.
Til høgre: «Generelle» aldrar.
Skala: Millionar år sidan

Ordovicium er ein geologisk periode, den andre av seks periodar, i paleozoikum. Han dekkjer tidsrommet frå 488,3±1,7 til 443,7±1,5 millionar år sidan. Han kjem etter kambrium og er etterfølgd av silur. Ordovicium er kalla opp etter eit walisisk folk kalla ordovikar og vart definert av Charles Lapworth i 1879 for å løyse ein krangel mellom tilhengjarane til Adam Sedgwick og Roderick Murchison, som plasserte dei same bergartleia nord i Wales i respektive kambrium og silur. Lapworth la merke til at fossil i dei omstridde stratuma var forskjellige frå dei i både kambrium og silur, og innsåg at dei trong å plasserast i ein eigen periode.

Det tok si tid før ordovicium vart anerkjend i Storbritannia, medan andre område av verda raskt tok han til seg. Han vart internasjonalt godkjend i 1906 av International Geological Congress.

Datering

endre

Ordovicium startar med ei stor masseutrydding kalla den kambrisk-ordovikiske masseutryddinga for om lag 488,3 ± 1,7 millionar år sidan, og varte i om lag 44,6 millionar år. Han enda med ei ny stor masseutrydding for om lag 443,7 ± 1,5 millionar år sidan, som utsletta 60 % av dyreslektene i havet. Melott et al. (2006) føreslo at årsaka kunne ha vore eit ti sekund langt gammaglimt som kunne ha øydelagd ozonlaget og utsett livet på jorda for dødeleg stråling,[5] men dei fleste forskarar er einige om at masseutryddingar er komplekse med fleire årsaker.

Ein har kome fram til start- og sluttidspunkt ved hjelp av nye radiometriske målingar og varierer noko frå dei som er nytta i enkelte eldre kjelder. Denne andre perioden av paleozoikum er rik på fossil og i enkelte regionar store petroleum- og gassreservoar.

Inndeling

endre

Ordovicium vert vanlegvis delt inn i epokane tidleg (tremadocium og arenig), mellom (llanvirn [vidare delt inn i abereiddium og llandeilium]) og sein (caradoc og ashgill). Dei tilsvarande bergartane i ordovicium vet kalla nedre, midtre og øvre del av søyla. Aldrane (inndelinga av epokane) er frå yngst til eldst:

  • Hirnantium/Gamach (Sein ordovicium: ashgill)
  • Rawtheium/Richmond (Sein ordovicium: ashgill)
  • Cautleium/Richmond (Sein ordovicium: ashgill)
  • Pusgillium/Maysville/Richmond (Sein ordovicium: ashgill)
  • Trenton (Mellomordovicium: caradoc)
  • Onnium/Maysville/Eden (Mellomordovicium: caradoc)
  • Actonium/Eden (Mellomordovicium: caradoc)
  • Marshbrookium/Sherman (Mellomordovicium: caradoc)
  • Longvillium/Sherman (Mellomordovicium: caradoc)
  • Soundleyan/Kirkfield (Mellomordovicium: caradoc)
  • Harnagium/Rockland (Mellomordovicium: caradoc)
  • Costonium/Black River (Mellomordovicium: caradoc)
  • Chazy (Mellomordovicium: llandeilo)
  • Llandeilo (Mellomordovicium: llandeilo)
  • Whiterock (Mellomordovicium: llanvirn)
  • Llanvirn (Mellomordovicium: llanvirn)
  • Cassinium (Tidleg ordovicium: arenig)
  • Arenig/Jefferson/Castleman (Tidleg ordovicium: arenig)
  • Tremadoc/Deming/Gaconadium (Tidleg ordovicium: Tremadoc)

Paleogeografi

endre

Havnivået var høgt under ordovicium, faktisk var den marine transgressjonen i tremadocium det største nokonsinne. Spor av dette er bevart i berglaga.

Under ordovicium samla dei sørlege kontinenta seg i eit enkelt kontinent kalla Gondwana. Gondwana starta perioden nær ekvator og dreiv så mot Sørpolen. Tidleg i ordovicium var kontinenta Laurentia, Siberia og Baltica framleis sjølvstendige kontinent (etter oppdelinga av superkontinentet Pannotia tidlegare), men Baltica byrja å flytte seg mot Laurentia seinare i perioden og Iapetushavet krympa mellom dei. Avalonia braut fri frå Gondwana og starta å gå nordover mot Laurentia. Rheichavet vart danna som følgje av dette.

Bergartar frå ordovicium er hovudsakleg sedimentære. Sidan havnivået var så høgd og høgda på landjorda var låg, som igjen avgrensar erosjon, bestod dei marine sedimenta frå ordovicium hovudsakleg av kalkstein. Skifer og sandstein er ikkje like framherskande.

Den taukoniske orogensen, som starta under kambrium, førte til fjelldanning i perioden.

Mot slutten av perioden låg Gondwana nær Sørpolen og var stort sett isdekt.

Klima

endre

Tidleg i ordovicium meiner ein at klimaet var ganske varmt, i det minste i tropane. Som med Nord-Amerika og Europa, var Gondwana stort sett dekt av grunne hav under ordovicium. Grunt, klårt vatn over kontinentalsokkelen stimulerte veksten av organismar som med kalsiumkarbid i skjela sine og harde delar. Panthalassa dekte det meste av den nordlege halvkula, og av mindre hav fanst Proto-Tethys-havet, Paleo-Tethys-havet, Khantyhavet, som vart lukka seint i ordovicium, Iapetushavet og det nye Rheichavet.

Utover i ordovicium har ein funne spor etter isbrear i landområda som i dag er Afrika og Sør-Amerika. I denne perioden låg desse landmassane ved Sørpolen og var dekte av iskapper.

Liv i ordovicium

endre

Dyreliv i ordovicium

endre

Sjølv om han er mindre kjend enn den kambriske eksplosjonen hadde ordovicium ei adaptiv stråling som var minst like oppsiktsvekkjande. Talet på marine dyreslekter auka firedobbelt og førte til 12 % av det kjende marine dyrelivet i heile fanerozoikum.[6] Trilobittar, uledda armføtingar, archaeocyatha og eocrinoidea frå kambrium vart avløyst av dyra som skulle dominere resten av paleozoikum, som ledda armføtingar, blekksprutar og sjøliljer, særleg dei ledda armføtingane erstatta trilobittane på kontinentalsokkelen.[7] Årsaka til at dette kjem hovudsakleg av utviklinga i evna hos dyra til å skilje ut karbonat i skjela sine i ordovicium i forhold til i kambrium.[7]

I Nord-Amerika og Europa var ordovicium ei tid med grunne kontinentalhav som var rike på liv. Trilobittar og armføtingar var særleg mangfaldige og talrike. Dei første mosdyra dukka opp i ordovicium, og det same gjorde dei første korallreva. Isolerte korallar går minst tilbake til kambrium. Blautdyr, som òg byrja å dukke opp i kambrium eller ediacara vart vanlege og varierte, særleg muslingar, sniglar og nautiloide blekksprutar. Ein trudde lenge at dei første verkelege virveldyra (panserfisk) dukka opp i ordovicium, men nylege funn i Kina har vist at dei truleg eksisterte alt i tidleg kambrium. Dei første kjevemunna fiskane dukka opp i sein ordovicium. Gratopolittar, som seinare døydde ut, var talrike i hava. Enkelte cystoidar og sjøliljer dukka òg opp.

I mellomordovicium var det ein stor auke i intensiteten og mangfaldet av bioeroderande organismar. Dette vart kalla den ordovikiske bioerosjon-revolusjonen.[8] Dette er markert med ein brå auke i sporfossil i harde substrat som trypanitar, palaeosabella og petroxestar.

Trilobittane i ordovicium var særs forskjellige frå forgjengarane i kambrium. Mange trilobittar utvikla bisarre ryggrader og knollar for å forsvare seg mot rovdyr som primitive haiar og blekksprutar, medan andre trilobittar som Aeglina prisca utvikla seg til symjande former. Enkelt trilobittar utvikla ein spadeliknande snute for å tråle seg gjennom gjørma på havbotn etter mat. Ei anna gruppe trilobittar kalla trinucleidar utvikla breie fordjupningar rundt hovudskjoldet.[9] Andre trilobittar som Asaphus kowalewski utvikla lange augestilkar for å kunne lettare oppdage rovdyr, medan enkelte trilobittar mista augo heilt.[10]

Planteliv i ordovicium

endre

Grønalgar var vanleg i ordovicium og sein kambrium (kanskje tidlegare). Planter utvikla seg truleg frå grønalger. Dei første plantene på landjorda dukka opp i form av små ikkje-vaskulære planter som likna levermosar. Fossile sporar frå landplanter er funne i dei øvre ordovicium-sedimenta, men dei første landsoppane kan ha vorearbuscular mycorrhiza (glomerales), som spelte ei avgjerande rolle i å kolonisere landjorda for plantene gjennom playing a crucial role in facilitating the colonization of land by plants through mykorrhizal symbiose, som gjorde mineralske næringsstoff tilgjengeleg for planteceller. Slike fossilerte soppar og sporar frå ordovicium er funne i Wisconsin med ein alder på om lag 460 millionar år.[12]

Det var mykje marin sopp i hava i ordovicium som løyste opp dyrekadaver og anna avfall.[treng kjelde]

Slutten på ordovicium

endre
For meir om dette emnet, sjå Den ordovikiske-siluriske masseutryddinga.

Ordovicium enda i ei rekkje masseutryddingar, som sett under eitt, var den nest største av dei fem masseutryddingane i jorda si historie i form av prosent av slektene som døydde ut. Berre den permisk-triassiske masseutryddinga var større.

Utryddingane skjedde for om lag 444-446 millionar år sidan og markerte grensa mellom ordovicium og den påfølgjande perioden silur. På denne tida levde alle fleircella organismar i havet og om lag 49 % av dyreslektene forsvann for alltid. Armføtingar og mosdyr vart sterkt redusert, i lag med mange trilobittar, konodontar og graptolittar.

Den mest aksepterte teorien som skapte desse hendingane vart at dei vart utløyst av ei istid. I alderen hirantium enda ein lang periode med stabile drivhus-tilhøve. Istida vart truleg ikkje like lenge som forskarane ein gong trudde, og studiar av oksygen-isotopar i fossile armføtingar viser at han truleg ikkje varte meir enn 0,5 til 1,5 millionar år.[13] Før masseutryddingane har ein funne spor etter eit fall i atmosfærisk karbondioksid frå 7000ppm til 4400ppm, som selektivt påverka dei grunne havområda der dei fleste organismane levde. Då det sørlege superkontinentet dreiv mot Sørpolen, danna det seg iskapper over det, og dette ser ein igjen i øvre ordovicium-lag i Nord-Afrika og Sør-Amerika, som då låg ved sida av kvarandre.

Istidene bind opp vatn frå verdshava, medan vatnet vert slept fri i mellomistidene, og dette fører til at havnivået aukar eller minkar raskt. Dei grunne havområda i ordovicium trekte seg tilbake og øydela mange økologiske nisjar.[14] Artar som heldt til i epikontinentale havområde på ein viss landmasse vart særleg hardt råka.[13] Dei tropiske livsformene vart hardt råka under den første masseutryddinga, medan artane som levde i kjøligare farvatn vart hardaste råka i den andre bølgja.[13]

Artane som overlevde var dei som takla endringane og fylte dei økologiske nisjane som mangla etter masseutryddingane.

Mot slutten av den andre hendinga førte smeltande isbrear til at havnivået auka og stabiliserte seg igjen. Dette førte til at mangfaldet auke igjen på kontinentalsoklane og i starten av silur fekk ein igjen biologisk mangfald i dei artane som hadde overlevd.

I Noreg

endre

I Noreg finst det to seriar med bergartar frå ordovicium. Den eine serien er bergartar som er danna av sediment avsett på ei grunn plattform, og den andre er danna i det tidlegare Iapetushavet nordvest for den noverande kysten og seinare skyvd inn i Den kaledonske fjellkjeda.

Den første serien består av svarte og grå skiferar, siltstein, knolleskifer, knollekalk, kalkstein og sandstein og finst særleg i Oslofeltet og langs randen av fjellkjeda mellom Stavanger og Finnmark. Dei oppstod i eit grunt hav som strekte seg over Sverige frå Baltikum. Dette området låg på denne tida noko sær for ekvatorden sørlege halvkula.

Den andre serien finst hovudsakleg vest i landet, heile vegen mellom Stavanger og Finnmark. Serien inneheld både omdanna avleiringar, magmatiske bergartar og gammal havbotn som vart stuva saman og transportert søraustover som skyvedekke. Her finst enkelte godt bevarte fossil. Den omvandla havbotnen finst i dei såkalla ofiolitt-kompleksa, med sekvensar med gabbro, tettstilte diabasgangar, putelava og omvandla djuphavssediment. Nokre av dei viktigaste kisførekomstane i landet finst i desse bergartane.

Kjelder

endre

«ordovicium» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.


  1. Fil:Sauerstoffgehalt-1000mj.svg
  2. Fil:Phanerozoic Carbon Dioxide.png
  3. Fil:All palaeotemps.png
  4. Wellman, C.H.; Gray, J. (2000). «The microfossil record of tidleg land plants». Phil. Trans. R. Soc. B 355 (1398): 717–732. doi:10.1098/rstb.2000.0612. 
  5. Melott, Adrian (2004). «Did a gamma-ray burst initiate the late Ordovician mass extinction?». International Journal of Astrobiology 3: 55–61. doi:10.1017/S1473550404001910. 
  6. Dixon, Dougal (2001). Atlas of Life on Earth. New York: Barnes & Noble Books. s. 87. ISBN 0760719578. 
  7. 7,0 7,1 Cooper, John D.; Miller, Richard H.; Patterson, Jacqueline (1986). A Trip Through Time: Principles of Historical Geology. Columbus: Merrill Publishing Company. s. 247, 255–259. ISBN 0675201403. 
  8. 8,0 8,1 Wilson, M.A.; Palmer, T.J. (2006). «Patterns and processes in the Ordovician Bioerosion Revolution» (PDF). Ichnos 13: 109–112. doi:10.1080/10420940600850505. Henta 20. august 2008. 
  9. «Palaeos Paleozoic : Ordovician : The Ordovician Period». 11. april 2002. Henta 20. august 2008. 
  10. A Guide to the Orders of Trilobites
  11. Wilson, M. A.; Palmer, T.J. (2001). «Domiciles, not predatory borings: a simpler explanation of the holes in Ordovician shells analyzed by Kaplan and Baumiller, 2000». Palaios 16: 524–525. doi:10.1669/0883-1351(2001)016<0524:DNPBAS>2.0.CO;2. 
  12. Redecker, D.; Kodner, R.; Graham, L.E. (2000). «Glomalean fungi from the Ordovician». Science 289 (5486): 1920–1921. PMID 10988069. doi:10.1126/science.289.5486.1920. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Stanley, Steven M. (1999). Earth System History. New York: W.H. Freeman and Company. s. 358, 360. ISBN 0716728826. 
  14. Emiliani (1992), 491

Bakgrunnsstoff

endre
Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium
Paleozoikum
Kambrium Ordovicium Silur Devon Karbon Perm