Armierbukta
Armierbukta (maltesisk Bajjet l-Armier) er ei bukt ved Mellieħa på Malta. Armierbukta består av to strender, den største heiter Armier og den andre Litlearmier. Vatnet i bukta er krystallklårt. Bukta ligg rett ovanfor Comino.
Ved Armierbukta ligg det fleire naust som maltesarane nyttar som sommarbustader. Det er òg nokre kioskar rundt bukta, men utan trafikk er det generelt rolege omgjevnader ved bukta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Armier Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2008.