Comino (maltesisk Kemmuna) er ei øy i Dei maltesiske øyane i Malta mellom øya Malta og Gozo i Middelhavet. Ho har eit areal på 3,5 km². Ho er kalla opp etter urta karve (kummin) som ein gong blømde på øya. Comino er kjend som ein roleg og isolert stad. Det bur berre åtte personar på øya. I dag er Comino eit sjøfuglreservat og naturreservat. Administrativt høyrer øya til kommunen Għajnsielem på Gozo.

Comino
Lokalt namn Kemmuna
Den blå lagunen ved Comino
Den blå lagunen ved Comino
Geografi
Stad Malta i Middelhavet
Koordinatar 36°01′N 14°20′E / 36.017°N 14.333°E / 36.017; 14.333
Øygruppe Dei maltesisk øyane

Areal 3,5 km² km²

Administrasjon
Land Malta
Demografi
Folketal 8
Folketettleik 2,3 /km²

Comino er ein populær opptaksstad for filmmakarar og er mellom anna med i filmane Troja, Greven av Monte Cristo og Swept Away.

Historie endre

Comino har vore busett av bønder sidan romartida, men har i lange tider vore tynt folkesett eller heilt forlate.

Den ulendte kystlinja er dekt av kalksteinsklipper med mange djupe grotter som var populære hos sjørøvarar og folk på plyndringstokt i mellomalderen. Grottene var ofte utgangspunkt for plyndringstokt mot båtar som reiste mellom Gozo og Malta. I seinare år nytta Maltesarordenen øya som jaktmark og rekreasjon. Riddarane verna godt om det lokale dyrelivet, som bestod av villsvin og hare, og folk som vart teke i å jakte på dyra kunne få straff som galeislave i tre år.[1]

På 1500- og 1600-talet vart villfarande riddarar sett i fengsel eller eksil på Comino. Riddar som var dømd for mindre lovbrot vart stundom sett til å bemanne St. Maria-tårnet.

St. Maria-tårnet endre

 
it-Torri ta' Santa Marija på Comino, bygd 1618

I 1416 bad maltesarane kongen deira Alfonso V av Aragon om å byggje eit tårn på Comino for å halde utkikk etter potensielle invasjonar eller plyndringstokt.[2] To år seinare vart det lagt ei avgift på importert vin for å reise midlar til dette prosjektet. Pengane gjekk derimot i kassen til kongen og det skulle ta to hundre år før tårnet vart reist.[3]

Til slutt, i 1618 vart St. Maria-tårnet (maltesisk it-Torri ta' Santa Marija) reist av Maltesarordenen etter ordre frå stormeister Wignacourt. Det vart teikna av den maltesiske arkitetekten Vittorio Cassar.[4] Tårnet ligg på sørkysten av øya og var ein del av ei rekkje tårn for å forsvare Dei maltesiske øyane. Tårnet ligg 80 meter over havet og er sjølv 12 meter høgt med om lag 6 meter tjukke murar. Tårnet står opp ein 8 meter høg sokkel.[5] I krisetider var det opp til 60 soldatar stasjonert her. I dag er tårnet militær eigedom på Malta og vert nytta som utkikkspunkt mot smuglarar og ulovleg jakt på trekkfuglar i området.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre