Armitage Saddle
Armitage Saddle er eit skard ved toppen av Bluebreen, oppom Howchin- og Walcottbreen som flyt mot Walcott Bay og Koettlitzbreen. Skardet ligg ved sørenden av «Snow Valley» (den øvre delen av Bluebreen) som vart kartlagd av Armitage i 1902, og sidan feilaktig fjerna frå kartet av Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13. Gruppa frå New Zealand som vitja Bluebreen under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition, 1956–58, oppretta ein landmålingsstasjon på skardet i september 1957. Dei kalla det opp etter Albert Armitage, nestkommanderande på Discovery-ekspedisjonen, 1901–04, som utforska dette området.
Armitage Saddle | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 78°9′S 163°15′E / 78.150°S 163.250°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Armitage Saddle 78°09′S 163°15′E / 78.15°S 163.25°E | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Armitage Saddle» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Armitage Saddle» (innhald frå Geographic Names Information System).