Arnøyfjorden
64°45′34.160″N 11°13′50.786″E / 64.75948889°N 11.23077389°E Arnøyfjorden er ein fjord i Nærøysund kommune i Trøndelag på nordsida av Folda. Fjorden startar ved Tviberg, like nord for Abelvær, og strekkjer seg 10 km nordaustover til Hamlandsøya
Fjorden har innløp mellom Åndalsnes i sør og Uraneset i nord. Ei rekkje øyar og holmar ligg på nordsida av fjorden. Dei største av desse er Måøya og Arnøya, som fjorden er kalla opp etter. På nordsida av Arnøya ligg Rossøyfjorden
Riksveg 768 går langs sørsida av fjorden.