Arne Otto Lorang Andersen, best kjend med kunstnarnamnet Arnardo eller Arne Arnardo, (fødd 19. oktober 1912 i Sarpsborg, død 4. mai 1995 i Oslo) var ein norsk artist og sirkusdirektør for sitt eige sirkus, Cirkus Arnardo.

Arnardo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1912
Sarpsborg kommune
Død

4. mai 1995 (82 år)
Tøyen

Yrke sirkusartist
Arnardo på Commons
Gravminnet til Arnardo på Vestre Moland kyrkjegard i Lillesand
Foto: Anita A.Mechlenborg

Arnardo byrja som trapesartist og anna, men vart landskjend då han i 1949 starta Noreg sitt første omreisande sirkus, Cirkus Arnardo. Der var han sirkusdirektør, tryllekunstnar, hypnotisør med meir. Arnardo vart heidra med mellom anna Kongens fortenestemedalje i gull. Cirkus Arnardo reiser framleis Noreg rundt i sommarhalvåret leia av etterkomarane.

Arnardo utga sjølvbiografien Sirkusliv i 1962. I 1954 spela han sirkusdirektør i den norske spelefilmen Cirkus Fandango.

I 1983 var han tildelt Teskjekjerringprisen.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre