Arne Kaupang
norsk grafisk designar
Arne Kaupang (fødd 1970) er ein norsk grafisk designar, oppvaksen på Geilo[1], som arbeider med visuelle filmeffektar og animasjon. Den fyrste filmen han arbeidde med, var Hellboy II: The Golden Army (2008) der han samarbeidde med regissør Guillermo del Toro.[2] Seinare har han hatt stor suksess med spesialeffektar i dei norske storfilmane Kon-Tiki (2012) og Gåten Ragnarok (2013).
Arne Kaupang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1970 (54 år) |
Yrke | grafikar |
I 2013 vann han Amandaprisen for beste visuelle effektar for sitt arbeid med Kon-Tiki.
Filmografi
endre- Hellboy II: The Golden Army (2008)
- Knerten (2009)
- Paul (2011)
- Kon-Tiki (2012)
- Gåten Ragnarok (2013)
- Doktor Proktors prompepulver (2014)
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ Heftig.no: Arne Kaupang: Kongen av visuelle effekter. Vitja 18.01.14, arkivert frå originalen 2. februar 2014, henta 18. januar 2014
- ↑ Dagbladet.no, 04.08.08: "Hobbiten"-regissør digget Arnes robotvold. Vitja 18.01.14, arkivert frå originalen 2. februar 2014, henta 18. januar 2014