Geilo
tettstad
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Hol
Areal 3,23 km²
Folketal 2 597  (2023)
Folketettleik 804 / km²
Postnummer 3580 GEILO
Preposisjon Geilo
Kart
Geilo
60°32′1″ N 8°12′32″ E
Wikimedia Commons: Geilo

Geilo er ein tettstad i Hol kommune i Buskerud. Tettstaden ligg øvst i Hallingdalen, ved Bergensbanen omtrent midtvegs mellom Bergen og Oslo, og har 2 597 innbyggjarar per 1. januar 2023. Sentrum ligg om lag 800 moh.

Geilo er ein populær turiststad, både sommars- og vinterstid, og bygda har ei mengd hotell og andre overnattings- og serveringsstader.

Namnet Geilo kjem av dativ fleirtalsform av geil, 'inngjerda krøterveg'. Tettstaden har namn etter garden Geilo, som selte grunnen til Bergensbanen då det skulle opprettast ein stasjon kring 1900. Initiativet til dette vart teke av hotelleigaren Ola Geilo frå Ustedalen. Tettstaden har sidan vokse fram kring stasjonen.

Næringsliv og kultur endre

Geilo er ein godt utbygd vintersportstad, med taubane, fleire skitrekk og skøytebane. Det blir stelt til fleire faste, årlege arrangement, både sommar og vinter. Geilo er ein etterspurd turiststad og har mange hotell, pensjonat og utleigehytter.

I tillegg til turisttrafikken, er det lokale næringslivet prega av jern- og metallvareindustri (knivar, ljåar, verktøy og andre jernvarer) og produksjon av sportsartiklar og suvenirar. Geilo er elles eit viktig handelssenter, ikkje minst på grunn av turisttrafikken. Geilo kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1890. Tuftebrui frå 1830 er freda. På Fekjo ved Ustedalsfjorden finst det gravhaugar.

Geilo er eit trafikknutepunkt. Her møtest riksveg 7 Oslo–Gol–Bergen og fylkesveg 40 over Dagali til Kongsberg og Larvik. Utanom jernbanesamband med Bergen og Oslo har Geilo bussrutesamband til Hønefoss, Rødberg i Numedal og Odda i Hardanger. Den private flyplassen Geilo lufthamn, Dagali ligg 28 km frå Geilo sentrum.

Historikk endre

  • Geilo Hotel var grunnlagt i 1890
  • Øyo Hotell var grunnlagt i 1909
  • Dr. Holms Hotel var grunnlagt i 1909
  • Haugen Hotell var grunnlagt i 1914
  • Dei paralympiske vinterleikane i 1980 vart haldne på Geilo
  • Dronning Sonja fekk skiinstruktørsertifikatet sitt på Geilo

Galleri endre

Folkemengd endre

Folketalsutvikling på Geilo
År Innbyggjarar
1930
  
240
1946
  
417
1950
  
819
1960
  
1 070
1970
  
1 556
1980
  
2 036
1990
  
1 974
2000
  
2 320
2009
  
2 265
2012
  
2 355
2017
  
2 499
Kjelder:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre