Arnfinn Engerbakk

norsk fotballspelar

Arnfinn Engerbakk (fødd 22. mars 1964) er ein tidlegare fotballspelar frå Trysil. Han var både forsvars- og midtbanespelar i Kongsvinger IL. I 1987 spelte han 4 landskampar for Noreg.

Arnfinn Engerbakk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1964 (60 år)
Trysil kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Engerbakk var aktiv i Nordre Trysil IL frå 1981. Etter fem sesongar med spel i fjerdedivisjon, melde han overgang til Kongsvinger IL. Han fekk sin fyrstedivisjons-debut 1. mai 1986 som høgreback. Med Kongsvinger kom han og lagkameratane på tredjeplass i 1. divisjon både i hans fyrste og andre sesong. Høgdepunktet kom i 1992, ein sesong laget vart nummer 2 i eliteserien bakom Rosenborg BK. Gjennom tolv sesongar noterte Engerbakk seg for 221 kampar i Kongsvinger-drakta, fleire toppseriekampar enn nokon annan Kongsvinger-spelar. Han la opp i 1997. Frå 1999 til 2002 var han fyrst aktiv på Vinger FK sitt lag på nivå 6 i seriesystemet, og så på andrelaget til Kongsvinger på nivå 4.

Landslagsspel endre

Engerbakk spelte fire U21-landskampar. I tida 26. mai til 18. november 1987 deltok han så i fire kvalifiseringskampar til Sommar-OL 1988. Tre av oppgjera enda mållaust, eitt med tap 0–1.

Merittar endre

  • Sølv i seriemeisterskapen: 1992 med Kongsvinger IL
  • Bronse i seriemeisterskapen: 1986 og 1987 med Kongsvinger IL

Kjelder endre