Trysil kommune

kommune i Innlandet

Trysil er ein kommune i Innlandet fylke med omkring 7000 innbyggjarar. Han grensar i nord til Engerdal og Rendalen, i vest til Åmot, og i sørvest mot Elverum og Våler. Den austre delen av kommunen er ei utbuling mot Sverige, slik at Sverige der omgir kommunen både i nord, aust og sør.

Trysil kommune
kommune
NybergsundBru.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Innbygda
Areal 3 014 km²
 - land 2 957 km²
 - vatn 57 km²
Folketal 6 627 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Erik Sletten (Sp)
Kommunenr. 3421
NO 3421 Trysil.svg
Wikimedia Commons: Trysil
Nettstad: www.trysil.kommune.no

Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringane, og Trysil er dessutan Noregs elgkommune, med 1000 elg felt i 2002.

Det største skianlegget i Noreg, Trysilfjellet, ligg i Trysil kommune. Skisporten har stått sterkt i Trysil og kommunen har fostra mange store skilauparar. Kommunevåpenet er pryda av to skistavar med tradisjonelle trinser.

Trysil hadde eige ordførarval i 2003. Ole Martin Norderhaug fekk 59,9 % av stemmene og vart vald til ordførar.

Kjende personar frå TrysilEndra

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.