Arnold Peter Møller

Arnold Peter Møller, kjent som A.P. Møller, (2. oktober 187612. juni 1965) var ein dansk grosserar og skipsreiar.

Arnold Peter Møller

Statsborgarskap Danmark
Fødd 2. oktober 1876
Dragør
Død

12. juni 1965 (88 år)
København

Yrke gründer, handelsmannn
Far Peter Mærsk Møller
Arnold Peter Møller på Commons

Han stifta i 1904 A/S Dampskibsselskabet Svendborg (i dag A.P. Møller – Mærsk) saman med far sin, kaptein Peter Mærsk Møller, men ynskte å oppretta eit nytt dampskipsselskap der han sjølv hadde det avgjerande ordet. Dette selskapet, Dampskibsselskabet af 1912, vart stifta i 1912. Begge desse selskapa er i dag ein del av A.P. Møller – Mærsk.

A.P. Møller gifta seg 30. april 1910 i Mayview i Missouri i USA med Chastine Estelle Roberta Mc-Kinney, ofte kalla «Chassie». Chassie var frå Kentucky i USA. Ho døydde i 1948, og fire år seinare gift A.P. Møller seg med Pernille Ulrikke Amalie Nielsen (1886–1972), fødd i Noreg.

Han døydde i 1965 og er gravlagt på Hellerup kyrkjegard.

Kjelder endre