Sjøkaptein (engelsk: master mariner) er ein dekksoffiser med kvalifikasjonar til å tenestegjere på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde som ansvarshavande vaktoffiser, overstyrmann og skipsførar.[1][2]

Ein norsk skipsførar og ein kvinneleg matros på ferja MF «Bastø I» på veg inn mot Moss.

I Noreg er tittelen sjøkaptein ein verna tittel som innehavarar av kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 1 i samsvar med forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk har einerett til. Sertifikatet er det høgaste kvalifikasjonsdokumentet som vert utskrive til dekksoffiserar.[2]

Tittelen indikerer såleis berre kvalifikasjonane til innehavaren, og tyder dermed ikkje nødvendigvis at vedkomande faktisk er mønstra som skipsførar. På same måte treng ikkje ein skipsførar nødvendigvis å vere sjøkaptein, så lenge det ikkje er krav om dette sertifikatet på skipet han tenestegjer på.

Referansar endre

  1. stcw, «What are the STCW Requirements for Master Mariner?», www.edumaritime.net (på engelsk), henta 7. august 2020 
  2. 2,0 2,1 «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - Lovdata», lovdata.no, henta 7. august 2020