Arnoun
Arnoun (arabisk ارنون, hebraisk ארנון) er ein hovudsakleg sjiamuslimsk landsby 7 km søraust for Nabatiyeh i Nabatiyeh guvernement i sørlege Libanon. Landsbyen ligg kring 8 km frå grensa til Israel. Landsbyen ligg kring 550 meter over havet,[1] kring 1 km frå Beaufortborga.
Arnoun | |||
أرنون | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Nabatieh distrikt | ||
Høgd | 550 moh. | ||
Koordinatar | 33°20′0″N 35°32′0″E / 33.33333°N 35.53333°E | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Arnoun 33°20′00″N 35°32′00″E / 33.333333333333°N 35.533333333333°E | |||
Kart som viser Arnoun.
| |||
Wikimedia Commons: Arnoun |
Historie
endreArnoun er knytt til den nærliggande Beaufortborga. Namnet på byen kjem frå det arameisk arnoun, som tyder «liten topp» og syner til høgda der Beaufortborga står.[1] Borga vart kalla Qal'at Shqif Arnoun (arameisk, ‘borga på den høge klippa), som byen så har fått namn etter.
Då den israelske tryggleikssona vart oppretta i Sør-Libanon i 1985, låg Arnoun like utafor denne sona, men frå stillinga ved Beaufortborga kontrollerte Det israelske forsvaret effektivt området kring landsbyen.
Den 17. februar 1999,[2] etter at det vart utført åtak mot israelarane frå Arnoun, vart landsbyen formelt ein del av tryggleikssona.
Det israelske forsvaret forlét Arnoun den 24. mai 2000, då dei forlét tryggleikssona.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Regional Promenade Brochures - Al-Nabatieh (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. juli 2006, henta 23. september 2014
- ↑ «Israeli jets attack, troops seize village in south Lebanon», CNN, 16. april 1999 (henta 22. september 2014)
- Denne artikkelen bygger på «Arnoun» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2014.