Arnt Arntsson Wang
Arnt Arntsson Wang (1791–14. november 1845) var ein norsk lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Åsen i Nord-Trøndelag.
Arnt Arntsson Wang | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1791 |
Død |
14. november 1845 (54 år) |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Wang var lærar i Åsen i 1806, lensmann 1814-16 og sidan gardbrukar på Vestreim i Ekre sokn i Skogn. Han var 3. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1839, medlem av budsjettkomiteen.
Han døydde på garden sin i Skogn i 1845.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914