Arp 299 (ber òg nemningane NGC 3690, IC 694, Mrk 171, VV 118 og KPG 288) er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 150 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Den store bjørnen. Galaksane gjennomførte ei nærpassering for rundt 700 millionar år sidan som førte til eksplosiv stjernedanning. I dei rundt siste 15 åra har heile seks supernovaer blitt oppdaga i dei ytre delane av galaksane, noko som gjer dei til eit særmerkt system for supernovadanning. Arp 299 høyrer til dei ultralyssterke infraraude galaksane. Arp 299 er òg lyssterk i det ultrafiolette, og er nummer 171 i B.E. Markarian sin katalog over galaksar med kraftig ultrafiolett utstråling.

Hubble-bilete av Arp 299.

Kjelder endre