Arpad Šterbik

spansk fotballspelar

Arpad Šterbik (fødd 22. november 1979) er ein handballspelar frå Senta i Vojvodina i Serbia. I si tid som aktiv representerte han etter tur Jugoslavia, Serbia og frå 2008 Spania. Han er av ungarsk ætt. Šterbik vart verdsmeister 2013 og europameister 2018 med Spania sitt landslag, i tillegg fekk han EM-sølv 2016 og VM-bronse 2011 med det same landslaget, tidlegare var han med om å vinne to VM-bronser for Jugoslavia, høvesvis i 1999 og 2001.

Arpad Šterbik


Statsborgarskap Spania, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia, Ungarn, Serbia
Fødd 20. november 1979 (44 år)
Senta
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Årets handballspelar frå IHF

Šterbik, som var målvakt, var med på fire triumfar i EHF-meisterligaen. Dei tre fyrste, 2006, 2008 og 2009 kom med spanske Ciudad Real, den siste i 2017 med makedonske Vardar. I 2001 vann han EHF-europacupen for jugoslaviske RK Jugović.

Šterbik, som i 2005 vart kåra til årets handballspelar i verda, la opp i 2020.

Kjelder endre