Vardar
Vardar eller Axiós (slavisk Вардар, gresk Ἀξιός eller Βαρδάρης, Vardáris, latinsk Axius) er den lengste elva i Nord-Makedonia og ei stor elv i Hellas. Ho er 388 km lang og har eit nedslagsfelt på om lag 25 000 km².
Vardar Axiós (Ἀξιός) | |||
elv | |||
Vardar i Skopje
| |||
Land | Hellas, Nord-Makedonia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 25 000 km² | ||
Lengd | 388 km | ||
Kjelde | Nord for Gostivar i Nord-Makedonia | ||
Munning | Pátrabukta | ||
Vardar 40°30′27″N 22°43′03″E / 40.5075°N 22.7175°E | |||
Wikimedia Commons: Vardar |
Elva har utspring ved Vrutok, nokre kilometer nord for Gostivar i Nord-Makedonia. Ho renn gjennom Gostivar, Skopje og inn i Veles, kryssar den greske grensa nær Gevgelija, Polýkastro og Axioúpoli, før ho munnar ut i Egearhavet i Sentral-Makedonía vest for Thessaloníki nord i Hellas.
Nedslagsfeltet til Vardar dekkjer to tredjedelar av arealet til Nord-Makedonia, som enkelte kallar «Vardar Makedonia» etter elva.
Dalen består av frodige landområde i periferieiningane Kilkís og Thessaloníki, Gevgelija og andre område. Elva er elles omgjeve av fjell. Motorvegane M1 og E75 i Hellas går langs heile dalen og nesten heilt til Skopje.
Elvedalen har gjeve namn til vardháris eller vardarec, ein nordleg og vedvarande dalvind som bles ned heile dalen og fører med seg kalde forhold i Thessaloníki-området i Hellas. Han oppstår når det er høgare trykk over Aust-Europa enn over Egearhavet, som ofte er tilfellet om vinteren. Vinden er liknande mistralvinden i Frankrike.
Etymologi
endre- Den mest aksepterte teorien på opphavet til namnet er at det har sitt opphav i tida då persarane okkuperte Makedonia. På antikt persisk språk tyder var-darya open elv. Namnet Vardários (Βαρδάριος) vart stundom nytta av dei gamle grekarane på 200-talet fvt. Det same namnet vart mykje nytta under tida med Austromarriket.
- Det liknande persiske ordet Bar-Darya (lang elv) er òg eit sannsynleg opphav.
- Ein annan teori seier at Vardar kjem frå thrakisk språk, frå *sword(o)-wori-, «svart vatn».
Andre tydingar
endreVardar er òg namnet på tre fotballklubbar - ein i Skopje, ein i Melbourne og ein i Clarkston i Michigan.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vardar» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2007.