Arretere
Arretere vil seie å låse eller sperre dei rørlege delane av eit kjensleg instrument, som ei vekt eller eit galvanometer. Arreteringa vert vanlegvis gjort når instrumentet ikkje er i bruk og særskild når ein kan risikere at det vert utsett for store belastningar, som under flytting og transport.
Kjelder
endre- «arretere». Store norske leksikon. 8. april 2012.