Instrument

Wikimedia-fleirtydingsside

Eit instrument (frå latin instrumentum) er eit konkret eller abstrakt verktøy ein brukar for å utføra ikkje-mekaniske oppgåver.

Ordet instrument kan verta brukt om mange ting på norsk:

  • Musikkinstrument er reiskapar som vert brukte til å laga musikk på.
  • Måleinstrument vert brukte til å måla verdiar med. Døme er termometer, voltmeter og speedometer
  • Instrumentering i industrien går ut på automatisering av prosess-, regulerings- og kontrollsystem
  • Torturinstrument er verktøy som vert brukte til å påføra andre smerte ved tortur
  • Kirurgiske instrument er verktøy som ein brukar i kirurgien
  • Abstrakte tydingar som t.d. lovgjeving er eit godt instrument for å få bukt med kriminalitet

Fleirtyding Dette er ei fleirtydingsside. Ho listar sider om ulike emne som elles ville hatt same namnet.
Dersom du følgde ei lenkje hit, kan du kanskje gå tilbake og rette henne slik at ho peikar direkte til den rette sida.