Ars subtilior er nemninga på ei musikalsk stilretning som vart utvikla mot slutten av 1300-talet. Namnet tyder 'subtil kunst', og minner om at stilen var heller vrang, både å syngje og å følgje med i. Stilen var å finne i Avignon, men òg i Paris og England tidleg på 1400-talet.

Chanson om kjærleik, «Belle, bonne, sage», av Baude Cordier, hjarteforma med raude notar som indikerer rytmiske endringar.

Stilen var utvikla frå Ars nova, og tok stildraga her ut i det ekstreme. Nokre forskarar set stilen opp mot Ars nova, andre ser han som ei naturleg forlenging av denne. Chantilly-kodeksen og Modena-kodeksen er dei viktigaste kjeldeskriftene til musikken i denne stilen.

Han vart utvikla innanfor eit lite intellektuelt miljø ved pavehoffet i Avignon i åra opp mot 1400. Songane var verdslege, mest utan unnatak, og tek føre seg emne som riddarskap, kjærleik og krig. Stilen var ikkje rekna som høvande for kyrkjesong. Musikken nytta mykje ordmåling og manierisme i eit omfang som ikkje synte seg att før seint på 1500-talet. Stilen har vore samanlikna med notidig moderne avantgarde-musikk. Nokre av draga frå Ars Subtilior vart tekne inn i renessansemusikken som voks fram på 1400-talet. Når musikken vart skriven ned, vart notane skipa med stor fantasi i ulike skap, slik at sjølve lesinga og vart ei utfordring. Denne teknikken kunne syne humoristisk sans, som til dømes songen La Harpe de Melodie, der notane vart skrivne ned innanfor ramma av ei harpe.

Det ser ut til at musikken vart spreidd utover frå Avignon, til Spania og jamvel til Kypros, som var under fransk styre på denne tida. Dei mest kjende komponistane var frå Frankrike eller Italia.

I dag har stilen fått eit nytt oppsving, og er studert av nyare komponistar.

Komponistar endre

Dei fleste ars subtilior-musikarane tenestegjorde i eit hoffkapell, særleg dei franske i Paris under kong Karl V (1364–1380) og kong Karl VI (1380–1422), men også ved hoffa i Aragón og Castilla og på Kypros, og ved pavehoffet i Avignon. Nokre komponister, som Magister Zacharias og Mateo da Perugia, var verksame i Italia.

Døme på ars subtilior-komponistar

Litteratur endre

  • Ursula Günther: Das Ende der Ars Nova. I: Die Musikforschung. Kassel 16.1963, s. 105–120. ISSN 0027-4801
  • Ursula Günther: Zur Biographie einiger Komponisten der Ars Subtilior. I: Archiv für Musikwissenschaft. Stuttgart 21.1964, s. 172-199. ISSN 0003-9292
  • F. Joseph Smith: Ars Nova - a Re-Definition? In: Musica disciplina. Middelton 18.1964, s. 19–35; 19.1965, s. 83–97. ISSN 0077-2461
  • Nino Pirrotta: Ars Nova e stil novo. In: La Revue internationale de musique (RIM). 1.1966, s. 3–19.
  • Virginia Ervin Newes: Imitation in the ars nova and ars subtilior. I: Revue belge de musicologie (RBM). Brussel 31.1977, s. 38-59. ISSN 0771-6788
  • F. Joseph Smith: Jacques de Liège's criticism of the notational innovations of the Ars nova. I: The Journal of Musicological Research. New York 4.1983, s. 267-313. ISSN 0141-1896
  • Willi Apel: Die Notation der polyphonen Musik 900-1600. Breitkopf&Härtel, Wiesbaden 1989, s. 452-489, 2006. ISBN 3-7651-0180-X
  • Daniel Leech-Wilkinson: Ars Antiqua – Ars Nova – Ars Subtilior. In: Antiquity and the Middle Ages. Hrsg. von J. McKinnon. London 1990, s. 218–240. ISBN 0-333-51040-2
  • Laurie Köhler: Pythagoreisch-platonische Proportionen in Werken der ars nova und ars subtilior. Göttinger musikwissenschaftliche Arbeiten. Bd. 12. Bärenreiter, Kassel 1990. ISBN 3-7618-1014-8
  • Ursula Günther: Die Ars subtilior. I: Hamburger Jahrbuch für Musikwissenschaft. Frankfurt 11.1991, s. 277-288. ISSN 0342-8303
  • Yolanda M. Plumley: Style and structure in the late 14th-century chanson. Diss. University of Exeter 1991.
  • Yolanda M. Plumley: The grammar of fourteenth century melody. Tonal organization and compositional process in the chansons of Guillaume de Machaut and the ars subtilior. Outstanding dissertations in music from British universities. Garland, New York 1996. ISBN 0-8153-2065-5
  • Anne Stone: Che cosa c'è di più sottile riguardo l'ars subtilior? In: La Revue internationale de musique (RIM). 31.1996, s. 3-31.
  • Dorit Esther Tanay: Noting music, making culture – The intellectual context of rhythmic notation, 1250–1400. Musicological studies and documents. Bd. 46. Hänssler, Holzgerlingen 1999. ISBN 3-7751-3195-7
  • Yolanda M.Plumley: Citation and allusion in the late ars nova. The case of Esperance and the En attendant songs. In: Early music history (EMH). 18.1999, s. 287-363. ISSN 0261-1279
  • Frank Hentschel: Der Streit um die ars nova - Nur ein Scherz? I: Archiv für Musikwissenschaft. (AfMW). Stuttgart 58.2001, s. 110-130. ISSN 0003-9292
  • Anna Maria Busse Berger: The evolution of rhythmic notation. I: The Cambridge history of Western music theory. Cambridge University Press, Cambridge 2002, s. 628-656. ISBN 0-521-62371-5