Karl V av Frankrike
Karl V (1338–1380) var konge av Frankrike frå 1364 til 1380. På fransk er han kjend som Charles V le Sage, tilnamnet tyder 'den vise'.
Karl V av Frankrike | |||
| |||
Konge av Frankrike | |||
Fødd | 21. januar 1338 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vincennes | ||
Død | 16. september 1380 | ||
Dødsstad | Paris | ||
Gravstad | Klosterkyrkja Saint-Denis | ||
Føregangar | Johan II av Frankrike | ||
Etterfølgjar | Karl VI av Frankrike | ||
Gift med | Johanna av Bourbon | ||
Dynasti | Huset Valois | ||
Far | Johan II av Frankrike | ||
Mor | Bonne av Luxemburg | ||
Born | Karl VI av Frankrike, Louis Ier d'Orléans, Catherine av Valois, grevinne av Montpensier, Marie of Valois, Isabelle of Valois, Oudard d'Attainville, Jean de France |
Karl var son av Johan II, og då Johan vart fanga av engelskmennene etter slaget ved Poitiers i 1356, vart Karl i røynda regent. I løpet av sine tidlege år som regent i Frankrike, kjempa Karl mot fleire opprør og folkereisingar i mange delar av riket (La Jacquerie). I 1360 vart det inngått ei avtale om fred med England i Brétigny.
Kongen innstifta den første kongelege boksamlinga som blei forløparen til Bibliothèque nationale de France.
Han var gift med Jeanne av Bourbon.
Barn
- Jeanne (1357-1360)
- Bonne (1360-1360)
- Karl VI av Frankrike (1368-1422), gift med Isabella av Bayern
- Marie (1370-1377)
- Ludvig av Angoulême-Orléans (1372-1407), gift med Valentina Visconti