Arthur Abele (fødd 30. juli 1986) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som i 2018 vart europameister i tikamp.

Arthur Abele


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 30. juli 1986 (37 år)
Mutlangen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2016

Abele vann i 2007 tikamp-tevlinga i Ratingen med personbeste 8 269 poeng. Han deltok VM i friidrett 2007 i Osaka, der han kom på niandeplass med 8 243 poeng. Under Sommar-OL 2008 braut han av mot slutten av dag 1. Etter å ha gått skadd i tre sesongar, byrja han i 2012 å tevle att. I august 2013 vart han i Lage tysk meister i tikamp med 8 251 poeng. Han kom på femteplass i EM i friidrett 2014 med ny personleg rekord på 8 477 poeng. I 2016 sigra Abele i Ratingen-tevlinga med livsbeste 8 605 poeng, Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro plukka han einast 8 013 poeng og enda på 15. plass. 16./17. juni 2018 vann han tikampen Ratingen med sine 8 481 poeng. Den 8. august 2018, etter å ha sanka 8 431 poeng, vann han gullmedaljen i tikampen ved europameisterskapen i Berlin. Dei neste sesongane var prega av ein ankelskade. Abele gjorde sin siste tikamp ved EM i friidrett 2022 i München, enda sist av dei 15 som fullførte.

Kjelder endre