Arthur Balfour

britisk politikar

Arthur James Balfour (25. juli 184819. mars 1930 var ein britisk konservativ politikar som var statsminister i Storbritannia frå juli 1902 til desember 1905.

Arthur Balfour
A.J. Balfour LCCN2014682753 (cropped).jpg
Fødd25. juli 1848
Whittingehame
Død19. mars 1930 (81 år)
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, skribent, filosof
Utdanna vedTrinity College i Cambridge
Eton College
MorBlanche Mary Harriet Gascoyne-Cecil
FarJames Maitland Balfour
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences

Liv og gjerningEndra

Allereie 21 år gammal arva Balfour stor rikdom. Frå 1874 til 1905 var han medlem av parlamentet og på ny frå 1906 til 1922. I 1885 fekk han i plass onkelen, Lord Salisbury, si konservative regjering. To år seinare vart han minister for Irland, i den rolla slo han ned opprør mellom bøndene, samstundes som han innførte tiltak mot fråverande godseigarar. År 1891 vart han parlamentarisk leiar for det konservative partiet i Underhuset. Han vart minister att då Salisbury i 1895 danna si tredje regjering. Under boarkrigen 1899-1902 syrgde han for at kinesiske arbeidarar var importert til gruvearbeid i Sør-Afrika, på vilkår som kritikken kalla slaveri.

12. juli 1902 gjekk statsminister Salisbury av og systersonen Balfour tok over embetet. I den rolla motarbeidde han irsk sjølvstyre. Han inngjekk Entente cordiale, avtalen som slutta fred mellom dei gamle fiendane Storbritannia og Frankrike. Avtalen var elles sterkt medverkande til at Storbritannia i 1914 gjekk til krig mot Tyskland. Balfour vart rekna som ein svak statsminister, han gjekk av 4. desember 1905.

Perioden 1906-11 var Balfour førar for opposisjonen i parlamentet. I mai 1915 tok han over som marineminister i samlingsregjeringa leia av Herbert Asquith. Halvtanna år seinare, då David Lloyd George var statsminister, fekk Balfour posten som utanriksminister. Endå om han ikkje høyrde til den indre regjerings-sirkelen, kom han i 1917 til å stå bak Balfour-deklarasjonen som lovde jødane ein «nasjonalheim» i Palestina. Etter å ha underteikna Versaillestraktaten gjekk han av som utanriksminister i oktober 1919, men vart verande i regjeringa til 1922.

Balfour hadde ei filosofisk og tvitydig innstilling til livet. Han skal ha uttala at «Inkje noko er særleg viktig og få ting spelar ei rolle i det heile». Han levde ugift.

KjelderEndra