1848
år
1848 (romartal MDCCCXLVIII) er kjent som eit revolusjonsår. Dårleg økonomi og misnøye med styresmaktene førte til opprør i Brasil og fleire land i Europa. Mange liberalarar trudde at dette var byrjinga på ei ny tid, mange regime trudde det var slutten på deira. Dei tok for det meste feil. Dei fleste revolusjonane blei slått ned utan at folk fekk det noko betre. Revolusjonsåret var likevel eit signal om den mektige sosialistiske rørsla som skulle reisa seg seinare.
1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 24. januar - James W. Marshall fann gull i California og starta gullrush i California.
- 2. februar - Krigen mellom Mexico og USA ende med at Mexico avstod fleire statar til USA. Avtalen blei ratifisert i Mexico den 19. mai.
- 21. februar - Karl Marx gav ut Det kommunistiske manifestet.
- 23. februar - Februarrevolusjonen braut ut i Paris.
- Revolusjonar braut ut i Tyskland: Rheinland (3. mars), Wien (12. mars), Berlin (18. mars).
- Revolusjonar braut ut i Italia: Venezia (7. mars), Milano (18-22. mars), og Piemonte (27. mars).
- 15. mars - Revolusjon braut ut i Pest.
- 29. mai - Wisconsin blei den 30. staten i USA.
- 29. juli - Eit irsk opprør i Tipperary blei slått ned av britiske styrkar.
- 28. august - Mathieu Luis frå Guadelupe blei den første svarte representanten i den franske nasjonalforsamlinga.
- 3. november - Nederland fekk ny grunnlov.
- 7. november - Zachary Taylor blei vald til amerikansk president.
- 2. desember - Ferdinand I av Austerrike abdiserte og nevøen hans, Frans Josef I, blei ny keisar.
- 10. desember - I Frankrike blei prins Louis-Napoleon Bonaparte vald til den første presidenten i den andre republikken.
- Treårskrigen mellom Danmark og Tyskland om området Slesvig-Holstein.
- Krig braut ut mellom engelske styrkar og sikhar i Punjab.
- Slaveri blei oppheva i Frankrike og franske område.
- Slaveriet på Dei dansk-vestindiske øyene blei oppheva.
- Liveigenskap blei oppheva i Austerrike-Ungarn.
- Sveits fekk sin første federale grunnlov.
- Praieira-opprøret tok til i Brasil.
- Nederland, Storbritannia og Tyskland hevda eigedomsrett over Ny-Guinea.
- Skotske nybyggjarar grunnla Dunedin på New Zealand.
Noreg
endre- 13. april: Ålesund fekk status som by.
- 27. desember - Marcus Thrane starta den første arbeidarforeninga i Drammen.
- Blaafarveværket, den største industriverksemda i landet, gjekk konkurs.
- Ivar Aasen gav ut Det norske Folkesprogs Grammatik.
- Henrik Ibsen gav ut det første verket sitt, Catilina.
- Christian Tønsberg gav ut Norge fremstillet i Tegninger.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1848.
- 3. februar: Jørgen Løvland, norsk politikar og statsminister (1907-08)
- 10. april: Hubertine Auclert, fransk kvinnesakskjempar
- 1. mai: Adelsteen Normann, norsk målar
- 7. juni: Paul Gauguin, fransk målar
- 12. juni: Nordahl Rolfsen, norsk forfattar
- 15. juli: Vilfredo Pareto, italiensk økonom
- 6. juli: Gabor Baross, ungarsk statsmann
- 19. september: Gunnar Knudsen, norsk statsminister (1908-10 og 1913-20)
- 8. november: Gottlob Frege, grunnleggjaren av moderne logikk
- 21. desember: Viggo Ullmann, norsk embetsmann og politikar
- 22. desember: Ulrich von Wilamowitz-Moellendorff, tysk klassisk filolog
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1848.
- 9. januar: Caroline Herschel, tysk-britisk astronom
- 20. januar: Christian VIII, konge av Danmark
- 25. januar: Jacob Neumann, norsk biskop
- 11. februar: Thomas Cole, britisk-amerikansk målar
- 23. februar: John Quincy Adams, USA-amerikansk president
- 30. mars: Jonas Anton Hielm, norsk jurist og politikar
- 8. april: Gaetano Donizetti, italiensk komponist
- Peter Flor, norsk politikar
- 26. mai: Vissarion Belinskij, russisk forfattar
- 7. august: Jöns Jacob Berzelius, svensk kjemikar.
- 12. august : George Stephenson, oppfinnar av damplokomotivet
- 24. november: William Lamb (Lord Melbourne), britisk statsminister
- 19. desember: Emily Brontë, britisk forfattar
<< 1800 | 1801 | 1802 | 1803 | 1804 | 1805 | 1806 | 1807 | 1808 | 1809 | 1810 | 1811 | 1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | 1817 | 1818 | 1819 | 1820 | 1821 | 1822 | 1823 | 1824 | 1825 | 1826 | 1827 | 1828 | 1829 | 1830 | 1831 | 1832 | 1833 | 1834 | 1835 | 1836 | 1837 | 1838 | 1839 | 1840 | 1841 | 1842 | 1843 | 1844 | 1845 | 1846 | 1847 | 1848 | 1849 | 1850 | 1851 | 1852 | 1853 | 1854 | 1855 | 1856 | 1857 | 1858 | 1859 | 1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 | 1870 | 1871 | 1872 | 1873 | 1874 | 1875 | 1876 | 1877 | 1878 | 1879 | 1880 | 1881 | 1882 | 1883 | 1884 | 1885 | 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | 1891 | 1892 | 1893 | 1894 | 1895 | 1896 | 1897 | 1898 | 1899 >>